Dragebåtfestival til Lindås!

PADLING: Det vert ein padlekamp utan like når dei ulike laga skal konkurrere med Dragebåtar. ILLUSTRASJONSFOTO, Rune Nilsen.

PADLING: Det vert ein padlekamp utan like når dei ulike laga skal konkurrere med Dragebåtar. ILLUSTRASJONSFOTO, Rune Nilsen.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

LINDÅS: Bli med på ein ellevill folkefest, med rytmiske trommer, teamarbeid og show frå lokale bedrifter.

DEL

– Vi er stadig på jakt etter nye ting til distriktet vårt, og no har vi vore å henta ti dragebåtar frå Kina, fortel Rune Nilsen, frå Underholdning Vest. Båtane skal brukast i «Dragen er løs» som vert arrangert på Lindås Osane siste helga i mai.

Lagarbeid og utfoldelse
Arrangementet er ein kollega- og familiedag, der lagarbeid og utfoldelse står i sentrum.
– Tidlegare har det vore arrangert liknande i Bergen, men det er første gong vi hentar det inn til Nordhordland, fortel Rune i Underholdning Vest AS.
 

Han fortel at lokale firma, og andre lag, kan melda seg på og vera med i konkurransen. Her får ein markedsført seg på ein god måte.
– Ein konkurrerer mot andre firma, og det kan vera opptil ti lag-deltakarar på kvart firmalag, seier Rune. På vatnet må ein visa både krefter og lagarbeid, med åtte padlarar, ein som skal tromme takta, og ein til å styra båten.
– Det blir utruleg artig, ein skikkeleg folkefest, seier han.

Påmelding i gang
– Det er allereie ein del firma som har meldt si interesse, så det er berre å hiva seg med, seier Rune.
– Firmaet vil få ein god dag i lag og gjera noko i fellesskap. I tillegg får ein vist seg fram i lokalmiljøet. Det er meininga å kle seg ut i ekte karneval-stil, lage seg slagord og gjerne vise fram firmaets logo, fortel Rune ivrig.
 

Alt vil gå føre seg nede ved Lindås Brygge, som sjølvsagt stiller med servering, og er med på moroa.



 

Artikkeltags