Kondisbøter for Sindre

Artikkelen er over 13 år gammel

Sindre Erstad og resten av gjengen i Løv Ham har ferie, men det er berre på papiret. I realiteten må dei trena hardt så det ikkje vankar kondisbøter når sesongen startar opp att neste veke.

DEL

– Vi hadde ein 3.000 meter før vi gjekk på ferie og skal ha ein etter vi kjem igjen. Då er det bøter for kvart sekund vi er dårligare på testen, seier Sindre som ikkje er vidare redd for at lommeboka skal bli slankare. – Vi fekk eit opplegg av Magnus (Johansson), men eg legg opp mitt eige løp.

For sesongen har ikkje vore god nok for løvene frå Dalen. Laget ligg per i dag an til nedrykk.

– No har vi fått fire nye og gode forsterkningar som eg reknar med skal heva laget ganske mykje. Problemet vårt i haust, slik eg ser det, er at vi ikkje har hatt nok folk som har rutinen. Vi har dei beste spelarane i Bergen, men det manglar likevel på erfaring frå høgare divisjonar. Og skilnaden frå 2. til 1.divisjon er ganske stor. Det har vi fått erfara, seier Sindre som innrømmer at nivået var tøffare enn dei fleste hadde trudd før sesongen starta.

Mykje å gjera

Sindre har vore fast på stopparplass så og seie heile sesongen og har naturleg nok hatt nok å gjera.

– Vi har hatt store problem med å skåra mål - styrer kampane men klarar ikkje å skåra. Då blir det eit stressa spel og det blir med armar og bein baki der. Men i dei siste kampane har vi kome oss mykje og vi slepp oss meir laus. Spesielt Alta-kampen var god, men vi burde også ha vunne heime mot Moss (1-1). Der styrte vi det meste, seier 23-åringen frå Manger.

Tidlegare Kvernbit-spelar Endre Hansen har vore litt inn og ut av laget i vårsesongen, men har spelt dei siste kampane.

Tru på at det snur

Sindre er viss på at det er eit heilt anna lag som kjem på bana i haustsesongen og meiner det alt snudde litt i 1-0 tapet borte mot Stabæk.

– Alle spelarane har gått i seg sjølv og har blitt einige om å ta i eit tak. Vi stiller med litt andre føresetnader sidan mange av dei andre klubbane har økonomi til å kjøpa spelarar fri frå arbeid for å trena. Det kan vi ikkje i Løv Ham og då blir det mykje stress for spelarar som går i jobb på dagtid. Eg meiner mykje kunne ha vore annleis om klubben kunne kjøpt fri ein del spelarar.

Skal trena med Sandnes/Ulf

Sindre er akkurat ferdig med det første året på politihøgskulen i Oslo og skal no til Stavanger for å ha praksis.

– Eg har gitt beskjed om at eg spelar i Løv Ham ut sesongen, men at eg kjem til å prioritera utdanninga mi etter det. Så kva som skjer framover veit eg ikkje. Men eg har alt fått klarert at eg skal få trena med Sandnes/Ulf når eg flyttar til Stavanger, seier ein ferierande Sindre som likevel må prioritera trening hardt.

– Vi hadde ein 3.000 meter før vi gjekk på ferie og skal ha ein når sesongen startar opp att. Då blir det bøter for kvart sekund vi spring dårligare.

Artikkeltags