Knarvikmila hoppar i det med nytt tilbod til utviklingshemma

HOPPAR I DET: Bernt Fjordheim, Charlotte Nielsen og Gunnar Takvam samarbeider om det nyaste tilskotet i Knarvikmila, Meistringsmila. Der skal alle med funksjonshemmingar og utviklingshemmingar få delta i eit eige arrangement under Knarvikmila.

HOPPAR I DET: Bernt Fjordheim, Charlotte Nielsen og Gunnar Takvam samarbeider om det nyaste tilskotet i Knarvikmila, Meistringsmila. Der skal alle med funksjonshemmingar og utviklingshemmingar få delta i eit eige arrangement under Knarvikmila. Foto:

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Knarvikmila 2013 skal inkludera alle grupper. No får og dei utviklingshemma sitt eige løp.

DEL

Nyvinninga går under namnet «Meistringsmila».

Arrangementet er eit tverrfagleg samarbeid mellom Knarvikmila og Lindås kommune.

Håpar på 200 deltakarar

Invitasjon til å delta er gått ut til alle dei ni kommunane i Nordhordland.

– Det er vanskeleg å tippa kor mange som vert med, sidan det er heilt nytt, men vi håpar at flest mogleg vil vera med på dette, seier Charlotte Nielsen, som er aktivitet og helsekoordinator for Knarvikmila.

LES OGSÅ: Store namn til KnarvikMila

Ho seier at dei har rundt 200 potensielle deltakarar.

Prosjektet er sett i gang då dei meiner det er viktig at gruppa med funksjonshemmingar og dei utviklingshemma i alle aldrar har eit godt tilbod.

– For vår del og vår brukargruppe er dette det viktigaste grepet som er tatt frå Knarvikmila si side, seier Gunnar Takvam.

Har vekstambisjonar

Han er avdelingsleiar for dagavdelinga for funksjonshemma i Lindås kommune.

– Her får dei funksjonshemma sjanse til å delta, dei får både trening og aktivitet gjennom eit tilrettelagt tilbod, seier han.

– Knarvikmila har eit motto om at vi skal vera eit løp for alle, og då eg kom inn i dette syntest eg vel kanskje at det mangla ein liten bit for denne gruppa, seier Nielsen.

LES OGSÅ: Helge fekk Frivilligprisen

Ho seier at dei byrjar med funksjonshemma i Nordhordland for å skapa ei god ramma.

– Men til neste år kan vi kanskje veksa litt om vi ser at det er teneleg, seier ho.

– Ein god del av desse personane er med på dei ordinære aktivitetane i Knarvikmila, men så har vi sett at det er ein del som treng ledsagarar og mykje hjelp. Dei er det ikkje alltid vi får med på det som skjer i helga, seier ass. einingsleiar Bernt Fjordheim.

Får opplevingar og tilhørsel

Det vert både lang og kort løype. Dei har og planar om å legga opp til ein stafett, underhaldning, mat og premiar.

– Dette vert ein fest, seier Takvam.

– Men kva får denne brukargruppa ut av å vera med på eit slikt arrangement?

– Dei får vera med på det alle andre får vera med på, og dei får opplevingar og tilhørsel, seier han.

LES OGSÅ: Jonny Leivestad: – Ingen tullar med Helge Brekke

Ved å komma i gang tidleg, håpar dei å få med seg dei av brukarane som treng litt lenger tid på seg.

– Vi vil bruka dette framover til å motivera dei som er litt tunge til å få ut på tur, kanskje vi kan seia at no skal vi opp og sjå og trena litt til løpet, seier Fjordheim.

Løpet vert på ein onsdag på dagtid, og det er ikkje tilfeldig.

– Denne gode opplevinga saman med andre ser vi på som så viktig å vera med på, og det gjer vi eit bevisst val i høve til. Og det betyr at vi kan planlegga og tilrettelegga og informera ut breitt slik at dei kan gle seg og førebu seg til løpet, seier Takvam.

Artikkeltags