Knarvikmila er i gang

FULL FART: Martin Nordanger Lekva (6) sprang saman med mamma, Marie.

FULL FART: Martin Nordanger Lekva (6) sprang saman med mamma, Marie.

Artikkelen er over 6 år gammel

- Eg sprang med min fortaste gass, seier Martin Nordanger Lekva (6). Han er ein av mange barn som i dag sprang Knøtte- og Minimila.

DEL

Det såg ei stund ut til at det skulle pøsa ned over Knarvik i heile dag, men heldigvis letta det etter kvart, og sola viste seg til og med då Minimila vart sett i gang.

- Eg synest det var kjekt å springa, men eg vart litt sliten. Heldigvis fekk eg ein is i premie, seier Martin, som synest det var kjekt at mamma, Marie Noranger Lekva, sprang saman med han.

- Ja, eg trur det var greitt at mamma var med som støtte, det vart nok litt slitsamt på slutten, seier Marie, og legg til at det var bra vêrgudane til slutt bestemte seg for å spela på lag.

Sjå fleire bilete, og les om Knarvikmila i papirutgåva onsdag.

Artikkeltags