– Klart vi kan løpa langt

KVINNER KAN: Astrid Aarhus Byrknes, Anne-Grete Strøm-Erichsen og Vibeke Bjerg er opptatt av å halda seg i form, og gjerne inspirera andre kvinner.

KVINNER KAN: Astrid Aarhus Byrknes, Anne-Grete Strøm-Erichsen og Vibeke Bjerg er opptatt av å halda seg i form, og gjerne inspirera andre kvinner.

Artikkelen er over 5 år gammel

Det er aldri for seint å begynna løpa for livet.

DEL

Sånn kan ein kort oppsummera det andre «Lettare til fots»-arrangementet i KnarvikMila sin regi, med kvinner som aktørar.

Sitt livs løp

Vibeke Bjerg som er oppvaksen i friidrettsmiljøet ville ha jenter opp av sofaen, og i fysisk aktivitet. Det resulterte i at ho i mars i år kunne ta med 135 kvinner som hadde kasta på den ville ideen om å springa maraton i Roma. Sjølv var kvinna bak «FemiRoma» for sjuk til å delta på løpsfesten. Ho var midt i sitt livs tøffaste «maraton».

– Midt i etableringa av FemiRoma fekk eg hjernekreft og var gjennom to store operasjonar i desember i fjor, seier ho og fortel om kampen og jernviljen for å overleva.

LES OGSÅ: «– Veit du kor gammal er, og veit du at eg aldri har løpt før?»

– Eg hadde aldri greidd å koma meg gjennom det utan å vera i god fysisk form, seier Bjerg som planlegg eit nytt FemiRoma i 2015, der ho sjølv og vil stå på starstreken.

Ei av dei som let seg inspirera av den entusiastiske kvinna, er Edel Vedaa (69) frå Bergen.

– Eg tende på ideen og syntest tanken om å få kvinner til å springa maraton var forlokkande, seier ho til Nh. I Roma gjennomførte ho dei 42 km, og vart i tillegg nr tre i sin klasse - etter ni månadar med trening.

Tok utfordringa

Ei anna kvinne som har latt seg utfordra til å begynna trena, er tidlegare helse- og forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Også ho er invitert til KnarvikMila sitt «Lettare til fots»-arrangement. I februar i fjor vart ho utfordra av Milgeneralen personleg, og i september gjennomførde ho si første KnarvikMil.

– Folkesjukdomar er ingen spøk, og det er aldri for seint å begynna trena, seier kvinne som er oppvaksen med hytte på Leknes og som meiner ein må ta dei utfordringane som kjem.

LES OGSÅ: «Eg kan garantera at eg er med til neste år og»

Sjølv har ho sprunge om morgonen, og hatt personleg trenar som har bidratt til at ho og har trent styrke, noko ho meiner godt vaksne kvinner har god utbyte av.

Overraska og provosert

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes fortel om korleis ho som stillesitjande ordførar vart ufrivillig utfordra til å trimma regelmessig.

– Eg stod på sidelinja og såg Anne-Grete Strøm-Erichsen koma i mål på KnarvikMila, då ein sportsjournalist ved sida av meg kom med følgjande uttale: «Det der kunne du aldri greidd. Du har verken form eller spenst til det!». Det trigga meg så pass at eg begynte å gå i Brekkeløypa, tre gonger for veka. I starten måtte eg ha tre stopp i BKK-bakken, men no går eg heilt opp i eit, seier ho og legg til at ho no er komen dit at ho må ut.

LES OGSÅ: Vil at fleire spring for livet

– Takk til KnarvikMila som gir oss betre helse, trivsel og livskvalitet i kvardagen, sa ho og framheva folkehelse som mykje meir enn joggeklær.

Artikkeltags