Per A. Heskestad frå Meland er klar for å springa 24 timar i strekk på Bislett til helga. Snart har han også nådd målet sitt om å samla inn 30 000 kroner.
I Nh lørdag fortalde Heskestad at det den siste tida har vorte samla inn ein del utstyr av frivillige i Meland.
Dette skal sendast til institusjonar i Korosten i Ukraina, ei sending Heskestad har sagt seg villeg til å skaffa sponsormidlar til. Han reknar med at den totale kostnadsramma er på rundt 30 000 kroner.
Så langt har han fått løfte om til saman 12 øre per meter han spring, samt 5000 kroner i kontantar. Det betyr at han får inn 17 000 kroner dersom han spring 100 000 meter.
Skulle han klara å springa 150 000 meter, vert summen på 23 000 kroner, og han er oppe i heile 29 000 kroner dersom han skulle klara å legga bak seg 200 000 meter.
Det høyrer med til historia at det så langt berre er ein nordmann som har klart å springa over 200 000 meter i løpet av eit døgn så langt i år. Gjennom tidene har 12 menn og to kvinner kryssa den magiske grensa.
- Norgesrekorden er 249 kilometer, og kravet til landslaget er 220 kilometer. Vi får sjå kva eg kjem opp i, seier han til nh.
Tidlegare denne veka var Heskestad ein tur i Knarvik for å testa forma.
- Eg sprang 50 rolige rundar på bana, og kroppen kjentes lett og fin. Men desse to timane er jo lite i forhold til 24 timar til helga, seier han.