Kjempeløp i Birken

STERKT LØP: Steinar Mørch gjekk inn til ei svært sterk tid i Birkebeinarrennet. Han gjekk Birkebeinarrennet for 20.gong, og har klart merkekravet kvar gong.

STERKT LØP: Steinar Mørch gjekk inn til ei svært sterk tid i Birkebeinarrennet. Han gjekk Birkebeinarrennet for 20.gong, og har klart merkekravet kvar gong.

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Knarvik-veteranen Steinar Mørch imponerte i sitt 20. Birkebeinar- renn.

DEL

Steinar Mørch var den første ut av Nordhordland Skiklubb sine 14 påmelde og starta kl 7, ein time før eliteklassen. Mørch som i år gjekk sitt 20. birkebeinerrenn kom i mål på den svært sterke tida 3 timar, 33 minutt og 55 sekund. I ein alder av 65 år persa Mørch med over 3 minutt (!).

Claus slo olympisk meister

Claus Sellevoll gjennomførte på kjempetida 2,37.38, som heldt til ein flott 12.plass i klasse 35-39, ein klasse med mange meritterte skinamn. Totalt gjekk Sellevoll inn til ein utruleg sterk 64.plass.

Sellevoll hadde ei stund augekontakt med Oddbjørn Hjelmeset etter dei to tøffaste stigningane opp til Skramstadsætra var unnagjort, men lukkast aldri å få kontakt. Men i ei klynge framfor seg oppdaga han ei anna kjend ryggtavle – nemleg den tidlegare olympiske meister Erling Jevne. Sellevoll beit seg fast og gjekk saman med Jevne store delar av løpet.

På veg inn på Birkebeinar skistadion let ikkje Claus sjansen gå frå seg. Ut av siste sving på oppløpet staka han for full maskin og slo den tidlegare Birkebeinar-vinnaren med to seskund.

Anders Sødergren var raskast i 35-39 års klassen med 2.22.24, framfor Jørgen Brink,.begge frå Team United Bakeries. Stanislav Rezac kom på 5.plass med 2.31.32, og Jørgen Aukland nr 9 med 2.33,53.

Sterkt også av Alvær

Kenneth Alvær var også svært godt nøgd med eigen prestasjon etter å ha lagt bak seg dei 54 kilometerane på 3 timar 7 minutt og 1 sekund.

I pulja etter Kenneth Alvær starta Bjørnar Stusdal. Han går i klasse M25-29 og hadde ei god oppleving over fjellet frå Rena til Lillehammer. Stusdal var strålande nøgd etter å ha kome i mål på solide 3 timar 13 minutt og 41 sekund. Stusdal klarte med det merkekravet med over 20 minutts margin.

Førstegongs-startande

Børge Sellevoll starta i klasse 35-39, og måtte som førstegongs-startande og useeda gå i siste pulje. Tida 3 timar 43 minutt og 6 sekund er difor sterk med tanke på køen av dei omlag 16 000 deltakarane som gjekk framfor han i løypene. Børge kom i mål vel åtte minutt etter merkekravet i klassen med den tøffaste makstida.

Deltakarar frå Nordhordland skiklubb:

M25-29: Bjørnar Stusdal 3.13.41

M30-34: Espen Foseid Aakre 4.17.07

M35-39: CLaus Sellevoll 2.37.38, Børge sellevoll 3.43.06

M40-44: Trond Austrheim 3.57,58, Magne Fostervold 4.17.02

M45-49: Kenneth Alvær 3.07.01, Sigve Eldøy 3.51.43

M50-54: Atle Austrheim 3.43.38, Torbjørn Aamli 4.21.28

M55-59:Rine Minde 3.46.32, Reidar Ladehaug 5.04.36

M60-64: Harald Håbrekke 5.00.45

M65-69: Steinar Mørch 3.33.55

Også tidlegare syklist Gunnar Eidsheim frå Eikanger (Fana IL) gjekk eit godt skirenn, med 3.33.46 i klasse 30-34.

Artikkeltags