– Karate er utruleg kult!

ELSKAR KARATE: Elene B. Sætrevik (9) har trent karate sidan ho var 7 år. - Viss nokon prøver å ta meg, veit eg kva eg skal gjera. Det har eg lært på karatetrening, seier ho.

ELSKAR KARATE: Elene B. Sætrevik (9) har trent karate sidan ho var 7 år. - Viss nokon prøver å ta meg, veit eg kva eg skal gjera. Det har eg lært på karatetrening, seier ho. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Både vaksne og born imponerte då NH karateklubb lørdag haldt førestilling, i samband med deira 20-årsjubileum. – På karate lærer eg å forsvara meg, og det er lurt. Spesielt viss eg skal til Kina eller Japan.

DEL

Det seier Elene B. Sætrevik (9), som har trent karate i sidan ho var 7 år.

– Viss nokon prøver å ta meg, veit eg kva eg skal gjera. Det har eg nemleg lært på karatetrening. Viss ein vert slått i nakken, kan ein fort svime av, men eg kva eg skal gjera for å ikkje verta angripen, seier Elene.

Ikkje berre gutar

Ho meiner det er spesielt lurt å ha erfaring innan karate viss ein reiser til Kina eller Japan.

– Eg veit korleis eg skal slost, så eg har ikkje noko å vera redd for, seier 9-åringen.

Elene er på karatetrening to gonger i veka, og elskar det.

– Karate er utruleg kult. Først trudde eg det berre var gutar som dreiv på med sånt, men då eg fekk vita at det er jenter også, tenkte eg at eg ville byrja.

LES OGSÅ: Beste klubb i Vestlands-meisterskapen

Svart belte er målet

Elene har målet klart.

–Eg vil ha svart belte, for det er best. Når eg har fått det, er eg så sterk at eg kan løfta den tyngste i klassen. Då er eg sterk!

Men det er ikkje berre det å forsvara seg Elene meiner er bra med å gå på karate.

– Eg har fått meg kjæraste også. Han trenar saman med meg, kniser ho.

LES OGSÅ: Sigve sikra NM-tittelen

Lurt å trena karate

Conrad Nesse (8), synest det beste med å trena karate er at ein lærer korleis ein skal blokkera slag.

– Eg er veldig godt trent, og viss nokon prøver å slå meg, kan eg berre blokkera slaget.

Men Condrad har lært at det er forboden å bruka ferdigheita har lært, utanom trening.

– Det kan vera farleg, for karate er ein veldig hard kampsport.

LES OGSÅ: - Mykje meir enn slag og spark

Lærer disiplin

Leiar av NH Karateklubb, Paul Johannesen, er fornøgd med at klubben har over 150 aktive medlemmar.

– Vi har eit godt og sosialt miljø med dyktige trenarar.

Johannesen meiner det er mange positive sider ved å trena karate, spesielt for born.

– Dei lærer disiplin, vanleg høflegheit, kroppsbeherskelse og sinnebeherskelse. Også i forhold til å gå på skule, er det positivt, fordi borna er flinke til å fokusera og halda konsentrasjonen.

Artikkeltags