Ingrid Ryland klar for Liverpool

VERT PROFF: Ingrid Ryland har skrevet eitårskontrakt med Liverpool ladies. No vil ho prøva ut proffdraumen. Valet av klubb er tatt saman med landslagssjef Even Pellerud. Håpet er å vinna tilbake plassen på landslaget.

VERT PROFF: Ingrid Ryland har skrevet eitårskontrakt med Liverpool ladies. No vil ho prøva ut proffdraumen. Valet av klubb er tatt saman med landslagssjef Even Pellerud. Håpet er å vinna tilbake plassen på landslaget. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Som barn heia ho på Manchester United. Sambuaren er Arsenal-fan. No skal Ingrid Ryland spela for Liverpool.

DEL

– Eg veit ikkje heilt om det har gått opp for meg enno, eigentleg.

Det seier Ingrid Ryland til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Ingrid (25) fra Austrheim håper på Stadion-debut

I helga vart det kjent at ho har skrevet proffkontrakt med den engelske klubben Liverpool.

– Dette er absolutt ein draum som går i oppfylling. Eg kan ikkje seia noko anna, held ho fram.

Liverpool har jakta på ho lenge

Ryland seier ho alltid har hatt ein draum om å verta proff.

– Men det er fyrst dei siste fire-fem åra eg har sett at det er mogleg å få til, og at det ikkje berre er dei største profilane som får reisa ut, seier ho.

Alt i fjor var det interesse frå Liverpool, men det rann ut i sanden.

LES OGSÅ: Landslagstrenaren: – Reservane bankar på døra

Liverpool var på bana i år og, saman med fleire norske og svenske klubbar.

– Eg følte det var i Liverpool at totalpakka var best. Både det sportslege, økonomiske og rammene rundt klubben stemte, seier ho.

Vert ikkje rik

Ho har fått beskjed om å ikkje snakka om pengar.

– Eg vert ikkje rik av dette, seier ho, men eg hadde ikkje drevet med kvinnefotball om eg skulle verta rik, held ho fram. Ho reiser over til Liverpool i byrjinga av januar. Ho har skrevet under på ei proffkontrakt, men det fyrste halvåret skal gå med til å skriva ferdig masteroppgåva si.

LES OGSÅ: Har VM-draumen i sikte

Kor gode Liverpool og engelsk fotball er, er ikkje godt å seia. Toppdivisjonen består av åtte lag og har eksistert i fire år. Dei fyrste to åra enda Liverpool sist, medan dei to neste åra vann Liverpool serien.

Champions league

I europeisk samanheng er Arsenal ranka høgast av dei britiske, på ein andreplass. Liverpool er ikkje ranka blant dei 100 beste, men skal i år spela Champions league-fotball.

– Er du Liverpool-supporter då?

– Eg er ikkje ihuga sportar av det eine eller andre laget. Men ser ein del fotball på generell basis. Men eg var Manchester United-supporter som barn, innrømmer ho. Og sambuaren likar Arsenal.

– Korleis vert det å forlata Arna-Bjørnar etter åtte år?

– Det vert vemodig, det må eg innrømma. Arna/Bjørnar er klubben i mitt hjarta. Men eg trur eg hadde angra om eg ikkje tok denne sjansen no. Denne gongen var det tid for å tenka på meg sjølv og mi vidare karriere.

Artikkeltags