I mai vart ho lungetransplantert. Søndag deltok Aud i Knarvikmila

GODT Å VERA TILBAKE: Søndag var Aud Olly Lohne Kittang tilbake på Knarvikmila etter ni års fråvær  -  med nye lunger.

GODT Å VERA TILBAKE: Søndag var Aud Olly Lohne Kittang tilbake på Knarvikmila etter ni års fråvær - med nye lunger. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

I Brekkeløypa med nye lunger.

DEL

Ho hører til dei som pleidde å delta i Knarvikmila, heilt til for 9 år sidan. Då sa kroppen stopp.

– To år seinare, i 2007 vart eg innlagt på sjukehus, og var då så alvorleg sjuk at legane ikkje visste om dei klarte å redda meg, seier Aud Olly Lohne Kittang. Derifrå gjekk det veldig fort, og ho vart stadig dårlegare.

Ein solid nedtur

Sidan 1. mars 2013 har ho stått på venteliste for lungetransplantasjon.

– Eg veit at gjennomsnittleg ventetid er halvanna år, så eg var innstilt på at det kunne ta tid, seier Aud og fortel at ho heile tida har vore optimist og sagt at dette går fint.

LES OGSÅ: Rørt Helge Brekke takka av

– Men etter ein infeksjon rundt påske kom eg meg ikkje skikkeleg opp igjen. Då gav eg opp meir eller mindre. Eg hadde mista alt det sosiale livet. Med ein lungekapasiteten på berre 17 prosent, var det ikkje mykje eg orka, seier ho.

Telefonen ho venta på

Så ein søndag i mai i år kom telefonen ho hadde venta på dei siste 14 månadane.

– Dei ringte klokka 14.21, og klokka 17.07 var eg på Gardermoen dit eg kom i ambulansefly, seier ho og fortel at ho var full i adrenalin og oppegåande frå telefonen kom til ho gjekk inn i akutten på Rikshospitalet. 2-3 timar seinare vart ho operert og fekk to nye lunger.

– Korleis var det å vakna etter operasjonen?

–Det var ein rar følelse. Eg vakna utan respirator, berre med oksygen. Det første eg hørte var susinga av maskiner. Elles hugsar eg ikkje så mykje av det, men eg har i alle fall gitt beskjed til sjukepleiaren om å ringa mannen og dotra mi og dei andre som var i Oslo, straks eg var vaken. Dei hadde nett fått seg kaffi på Starbuck's då dei fekk beskjeden.

LES OGSÅ: «– Veit du kor gammal er, og veit du at eg aldri har løpt før?»

Eg kjende meg ganske sprek, og sat i senga då dei kom. Eit døgn før planen vart eg flytta på avdelingen.

– Dei fem varmaste vekene i sommar låg eg på sjukehus. Men det gjorde då ingenting. Gevinsten var der, eg får fleire somrar, seier Aud og smiler.

Enorm forskjell

Så var ho klar for første rehabilitering på Glitreklinikken.

– Eg har vore omgitt av grundige fysioterapeutar heile vegen, fortel ho. Og legg til at sist ho målte var lungekapasiteten over 100 prosent av forventa, rekna ut frå alder, kjønn, høgde og vekt.

– Då eg var på Glitreklinikken på rehabilitering no sist, såg eg på alle som var sjuke og tenkte; Gud er det sånn eg har hatt det, seier ho.

LES OGSÅ: Håper på flere donorer

Det har sjølvsagt vore stor spenning knytt til i kva grad kroppen ville akseptera dei nye organa. Og resten av livet må ho leva med medisinar; kortison og immundempande preparat.

Gamle kjensler

No gler ho seg over livet og er den same optimisten som før.

– Det skulle då berre mangla, seier ho.

– Det er heilt fantastisk å vera sin eigen herre igjen, å gjera ting du har lyst til, pusta fritt. Kjensla av å kunna dusja åleine for første gong, vaska håret sitt sjølv, stå i dusjen - er berre heilt ubeskriveleg. I dag har eg planta blomsterlaukar og vaska skåp. Og veit du; eg merkar at eg irriterer meg over at eg kunne tenkt meg å rydda mykje meir. Den følelsen har eg ikkje hatt på mange år. Då har eg berre kunna sjå på.

Må roa ned tempo litt

Men førebels må ho nok ta det litt med ro. Det forhindrar ikkje at ho igjen stilte til start på Knarvikmila søndag. Med god oppbacking av mann, dotter og barnebarn fullførte ho runden i Brekkeløypa. Og berre for å vera på den sikre sida, så gjennomførte ho ein prøverunde lørdagen også.

– Ei viktig oppgåve no framover er å bygga musklar, å få trent styrke i heile kroppen. Men no har eg fått beskjed om å ta det litt med ro. Vi held på å skifta kjøkken og, så eg har nok gjort litt mykje ut av det, seier 54-åringen.

Eit normalt liv

Ho og mannen har tre barn og sju barnebarn tilsaman, og ho legg ikkje skjul på at sjukdomsperioden har vore veldig tøff for hennar næraste.

– Dei største barnebarna har tydeleg gitt uttrykk for at dei har vore veldig engsteleg for meg, dei yngste ber det gjerne meir inni seg, seier ho.

– Korleis ser du på framtida?

– Eg ønskjer å leva eit heilt normalt liv, og gler meg over dagar saman med familien og andre som står meg nær.

LES OGSÅ: Mot ny rekord i organdonorer

– Eg er kvitt dei gamle lungene mine, og vil alltid vera transplantert. Det betyr mellom anna at eg alltid må vera forsiktig i forhold til store menneskemengder for at ikkje lungene skal støytast ut. Immunforsvaret mitt er lågt.

– Korleis løyste du det på Knavikmila?

– Eg unngjekk å gå i kø og tett opptil folk. Hører eller ser eg at folk hostar, så held eg meg unna.

Mykje trening

Framfor ho ligg veker og månadar med opptrening for å bygga musklar og styrka heile kroppen. Då gjer ein tur gjennom Brekkeløypa godt.

– Dessutan har eg lagt på meg mange kilo på grunn av medisinane, så eg satsar på å gå ned nokre kilo. Eg kjem nok ikkje i dei minste kleda mine igjen, for eg har hatt periodar med ganske lite kjøt på beina. Rett før eg vart sjuk, var eg veldig tynn. Dessutan er det godt å ha nokre kilo å gå på, men eg vil gjerne føla meg vel og koma inn i klær som eg føler meg vel i, seier ho.

Tilbake i jobb

– Har du planar om å koma tilbake på jobb igjen?

– Eg er 54 år og kunne gjerne tenkt meg å prøva meg i arbeidslivet igjen etterkvart. Dette første året veit eg ikkje om eg får lov ein gong. No er det opptrening og hyppige kontrollar i Oslo. Men eg ser for meg at eg på sikt kan vera tilbake i jobb igjen. Det trur eg at eg hadde hatt godt av.

Eit hjartesukk

Praten vår går mot slutten, men før vi gir oss heilt, har Aud ei oppmoding på hjarta:

– Eg ønskjer at fleire skulle bli organdonor. Pr i dag er det altfor mange som dør i køen. Eg har vore blant dei heldige!

LES OGSÅ: Lovet bort hjertet sitt

Artikkeltags