Herman og Kristian i hard duell

FOKUS: Med norgesflagget på lua kjempa Herman Toppe Alvær(9) hardt for å ta igjen Kristian Haugsdal Asheim(10) i løypa på Gamlesætra i andre runde av årets Guldbrandsøy skicup. (Foto: Hanne Kristin Pedersen)

FOKUS: Med norgesflagget på lua kjempa Herman Toppe Alvær(9) hardt for å ta igjen Kristian Haugsdal Asheim(10) i løypa på Gamlesætra i andre runde av årets Guldbrandsøy skicup. (Foto: Hanne Kristin Pedersen)

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Guldbrandsøy skicup for barn, runde to er over. Her er resultata.

DEL

– Eg syns det gjekk bra, men det var tungt i dag, seier Kristian Haugsdal Asheim (10) like etter passert målstrek. Han kom i mål på 08:09. Det er femte gongen skiløparen er med på den tradisjonsrike Guldbrandsøy skicup på Gamlesætra i Romarheimsdalen. Tungt var det og for 9-åringen Herman Alvær frå Alvidra. Han starta i hælane på Kristian og fulgte han tett. Halvvegs i løypen kom han i leiing, men då motbakken kom på slutten av løypa måtte han gi tapt.

– Eg leia ein liten stund. Men eg blei så sliten mot slutten at eg ikkje klarte å halda følgje, seier Herman som kom inn på tida 08:55 i den 1,5 km lange løypa.

Snøvêr

Det er andre runde av totalt fire renn av skicupen for barn denne vintaren. Cupdagen var prega av snøvêr og vind, men likevel var oppmøtet bra.

– Eg syns det var godt frammøte trass i snøvêr og at Barnas Turlag arrangerte “Kom deg ut” i Hopsdalen, seier arrangør Gunnar Stusdal. Han hadde som vanleg kontroll på alle tidene til dei unge skiløparane.

Alle som deltar i skirennet får medalje, og dei som deltar på alle fire renna får pokal etter siste løp. Neste renn i skicupen på Gamlesætra går av stabelen 19. februar.

Resultat renn 2 av 4

Gutar og jenter 6 år og yngre, 0,5 km (utan tid)
Oliver Espeland, Robert Hermansen, Ida Romarheim, Anders Heie, Anette Heie, Lukas Romarheim,Hans Fredrik B. Eide, Ingrid Toft, Ingeborg Romarheim, Mira Hagen, Sunniva Hagen, Lovisa Hagen, Amalie H. Kvinge, Ida Ramslien, Mathilde B. Eide, Linnea Reigstad, Ronja E.Bernes, Jens H. Myklebust

Jenter og Gutar 7 år, 1 km
Sylvelin Bækken Toft 06:45,Freya Hagen 08:55, Alfred Dyrkolbotn 07:50,Birk Thunold 08:30, Kristian Eknes 08:40, Oline H. Myklebust 07:15

Jenter og Gutar 8 år, 1 km
Jesper Espeland Alvidra 10:30, Andreas Toft 05:55, Øyvind H. Kvinge 06:42, Lars Rune B. Eide 06:33, Olav Ramslien 07:10, Helene Reigstad 09:56, Maja Alver 07:30

Jenter og Gutar 9 år, 1 km
Arvin Mirabady 08:03, Isak A. Nesse 05:50, Johan Romarheim 08:58, Helene Stemland 07:02, Eline Ramslien 07:30, Kristoffer Apelthun 05:53

Gutar 10 og 11 år, 1,5 km
Sheila Mirabady 16:35, Hermann T. Alvær 08:55, Markus Medaas 10:14,Kristian H. Asheim 08:09, Magnus Toft 10:55, Jonas Nottveit 14:00, Erlend Romarheim 17:26, Ingrid Dalland 12:14, Andreas Hofslundsengen 10:58, Linn Eknes 16:50, Marius Lyngbø 27:47

Jenter 10 og 11 år, 1,5 km
Ingrid Dalland 11:12, Kristin Senneset Veland 12:30

Jenter 12 år og 13 år, 2,5 km
Line Mari Svendsen 15:25, Odianne Hermansen, Natalie Kjetland 18:36, Caroline Fjellandsbø 21:50, Lene Katrine Moldeklev 29:03

Gutar 12 år og 13 år, 2,5 km
Endre Toft 19:14, Jonas Dalland 14:25,Anders Emil M. Matre 17:07

Gutar 14 år, 2, 5 km
Eivind Bækken Toft 14:56, Steinar Dyrkolbotn 20:23

Artikkeltags