Alvidra el-innebandy vil gjerne ha fleire med på laget: – Berre køyr på, seier Gunnar (18)

El-innebandy er ei form for innebandy for dei som vanlegvis ikkje kan delta på nokon sport på grunn av fysiske urfordringar. Spelarane sit i låge og raske elektriske kjelkar, som går opptil 15 km/t.

El-innebandy er ei form for innebandy for dei som vanlegvis ikkje kan delta på nokon sport på grunn av fysiske urfordringar. Spelarane sit i låge og raske elektriske kjelkar, som går opptil 15 km/t. Foto:

Av

Visste du at Knarvik har eit eige innebandylag for unge med ei funksjonsnedsetjing? Dei held til i Nordhordlandshallen, og trenar kvar måndag. Men kva er eigentleg el-innebandy?

DEL

Nh UNG:El-innebandy er ei form for innebandy for dei som vanlegvis ikkje kan delta på nokon sport på grunn av fysiske urfordringar. Her kan dei og vere med på eit lag. Alvidra el-innebandy starta opp i august 2016. Spelarane sit i låge og raske elektriske kjelkar, som går opptil 15 km/t.

Ballen skyt dei med eit kryss plassert framme på kjelken.

Då vi møtte fem av dei åtte faste spelarane i hallen, høyrde vi straks jubel og bremselydar frå hjula til det ivrige laget, som varma opp.

Kort etter starta dei med pasningsøvingar. Dette er standard prosedyre på ei trening. Det fortel Magnus Elias Dahl (13).

– På ei trening så byrjar vi først med litt oppvarming. Etter det så har vi litt øvingar. Så har vi ein kamp, og etter ei lita stund har vi ein 10–15 minutt pause. Så har vi litt meir kamp.

Det finst eitt lag til i Bergen, nemleg Fjellkameraterne og desse har Alvidra el-innebandy spelt mot fleire gonger.

Sjå videoreportasje frå treninga under:

    Visste du at Knarvik har eit eige innebandylag for unge med ei funksjonsnedsetjing? Dei held til i Nordhordlandshallen, og trenar kvar måndag. Men kva er eigentleg el-innebandy? VIDEO: Serenne Salomonsen Vikebø

    Turneringar

    Gunnar Eriksen (18) fortel at dei drar på turneringar gjerne opptil 3–4 gonger i året.

    – Eg synest det er kult å spele mot andre enn berre oss sjølv, og å få vise andre kva vi får ut av treninga, seier Gunnar.

    I april skal laget til Stavanger for å spele ei turnering i samband med arrangementet Stavanger Open. Her skal Alvidra el-innebandy spele mot både Sola el-innebandy og Åkra el-innebandy. Alle spelarane gler seg til dette.

    – Eg ser på Stavanger Open som ein fin moglegheit til å berre gje alt eg har, og så får vi berre sjå korleis det går, held Gunnar fram.

    Nh Ung

    Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

    Les meir om Nh Ung her.

    Sporten passar for alle med ei funksjonsnedsetjing, og Alvidra tek med glede imot nye rekruttar til laget. Tor Halvard Bjørgen (8) fortel at dei er åtte spelarar på laget, og alderen på dei noverande spelarane strekkjer seg over eit spekter frå åtte til atten år, men Alvidra el-innebandy har ingen bestemt avgrensing av alder.

    Sporten gjev ei sterk fellesskapskjensle, og sjølv om spelarane hovudsakleg samhandlar på banen, gir pausen i midten av økta dei ei anledning til å vere sosiale og bli betre kjent. Alle på laget er gode vener og for mange er venskapen og fellesskapskjensla noko av det viktigaste med el-innebandy.

    – For meg betyr sporten å vera saman med vener, seier han.

    God stemning

    Det er alltid god stemning på laget, og sjølv om dei så klart spelar for å ha det gøy, er det likevel ei anna ting som også er viktig for spelarane.

    – Det beste med el-innebandy er å vinne!

    Det seier Emanuel Claudiu Ivan (11) utan å nøla. Sjølv om det å ha ei funksjonsnedsetjing kan vere eit hinder i kvardagen, er innebandy noko mange kan meistre. Og vi treng alle noko vi kan få meistringskjensle av. Og kanskje til og med vinna i. El-innebandy gir moglegheit til nettopp dette.

    Følg Nh Ung:

    Snapchat: nordhordlandung

    Facebook: Nh Ung

    Instagram: Nordhordlandung

    Nett: nordhordland.no/nh-ung

    Har du lyst til å bli med på laget er det berre å ta kontakt.

    Hos ergoterapeut kan du søkje om tilpassa stol. Det er òg moglegheit for å komme og vere med på ei trening dersom du vurderer å byrja på el-innebandy. Alvidra el-innebandy har nokre ekstra stolar til utlån.

    – Berre køyr på, avsluttar Gunnar Eriksen og smiler.

    Artikkeltags