– Dette er ikkje noko eg gjer kvar veka, er kveldens understatement frå Aleksander Vågenes, etter at NBK slo Brann 3 heile 4-0 på heimebane.

Vågenes stod sjølv for tre av måla, og han hadde heile forarbeidet og la passninga som gjorde at Jørgen Mangor-Jensen fekk skåra eit mål og, i målfesten mot dei unge Brann-spelarane.

Vågenes seier at dette truleg er ein av dei beste kampane dei har spelt til no i år.

– Brann er eit lag som det passar oss godt å møta. Dei vil og spela fotball, då vert det rom for oss, seier han.

LES OGSÅ: Må vinna i kveld for å henga med i toppkampen

Kampen var relativt jamspela, med få store sjansar. Men NBK var effektive og både eit og to hakk betre enn det unge Brann 3-laget gjennom heile kampen. Alt etter sju minutt låg den fyrste ballen i nettet, signet Vågenes.

Kristian Andås vann ballen sentralt i banen, spelte gjennom Vågenes i bakrom som med eit frekt skot med yttersida skrudde ballen i det lengste hjørnet. Ei perleskåring.

Ein svært kraftig nordavind tvang heldigvis begge lag til å halda ballen på bakken, noko som gjorde at dei måtte spela sitt eige spel. Tempoet var høgt og duellane tette.

På det andre målet var det Vågenes som kjempa seg nedover høgresida, kranglar seg forbi Brann-backen og får lagt ballen inn til Jørgen Mangor-Jensen som set den i krysset.

På NBK sitt tredje, og Vågenes sitt andre mål for kampen, kjem han seg nok ein gong gjennom på sida si og set ballen kontrollert i mål til venstre for keeper.

Det siste målet var ein straffe.

Dagens siger betyr at NBK no har 21 poeng etter 11 kampar og ligg på tredjeplass på tabellen, når dei går inn i sommareferien.

– Vi har no tapt fleire nøkkelkampar, så det var deilig å ta denne, seier Vågenes.

LES OGSÅ: – Spelarane kan smila heile vegen heim i dag

Trenar Erlend Andås er einig.

– Denne sigeren vart ekstremt viktig. Det er så utruleg stor skilnad på å gå inn i sommarpausen med dette resultatet enn eit tap, seier han.

Han peikar på at det hadde vore tungt mentalt, tyngre å gå på trening i sommar.

– No ser alle framover, seier han.

– Det har vore eit tøft program med fire bortekampar på rad. Så det var deilig å ta denne sigeren, seier Vågenes.

Trenar Andås trekk fram det at laget hans fulgte kampplanen dei hadde vorte einige om på førehand.

– Dei jobbar sinnsvakt bra i dag. Me låg veldig godt samla med midtbane og forsvar, peikar han på.

LES OGSÅ: Brann banka Radøy/Manger 9-0

Han er ekstra godt nøgd med at dei klarar å halda nullen etter ei rekkje med «hockey-resultat», sjølv om dei mangla begge sine faste midtstopparar.

– På dei fyrste sju kampane slapp me inn åtte mål og var eit lag som hadde defensiv tryggleik. Dei tre siste kampane har vore skuffande, seier han.

Andås dreg mellom anna fram Aleksander Belland Eriksen sin innsats.

– Han er andreårs junior og gjer ein skikkeleg god kamp. Anders Glesnes gjer og ein god jobb i midtforsvaret, skryt Andås.

LES OGSÅ: NBK håpar på dobbelt opprykk i år

No er det spelepause for NBK fram til 23. august. Resten av laga i 4.divisjon avdeling to skal spela ein runde til før dei tek ferie.

Les meir om kampen i onsdagsavisa vår!