– Har ei god kjensle

KLAR FOR SESONGEN: Erlend (13) og Martin (15) Kalnes er klare for årets sesong. ? Dette var ei grei øving før sesongen startar, seier Martin.

KLAR FOR SESONGEN: Erlend (13) og Martin (15) Kalnes er klare for årets sesong. ? Dette var ei grei øving før sesongen startar, seier Martin. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Sjølv om det var vått og kaldt, stoppa ikkje det Martin Kvamme (15) til å delta på årets Strilarenn søndag. – Eg elskar å stå å ski, og vil aldri gå glipp av eit rulleskirenn, uansett vêr!

DEL

Det nærmar seg årets skisesong – no er det berre snøen som manglar. For å lada opp før det brakar laus, deltok Martin Kvamme (15) og broren Erlend Kvamme (13) på rennet, saman med tre andre vaksne karar.

– Dette er ei grei øving før sesongen startar for fullt, seier Martin.

LES OGSÅ: Ungt sykkeltalent heidra

Opna for hardt

Martin synest ikkje løpet gjekk så bra, og måtte snu etter nokre kilometer.

– Eg opna rett og slett for hardt, og møtte veggen. Det har eg aldri gjort før, så eg synest eigentleg det var ei grei erfaring å ta med seg.

Han er likevel optimistisk til sesongen han har framfor seg.

– Eg har trent bra i sommar, så eg har ei god kjensle på korleis vinteren vert, seier han.

LES OGSÅ: Friske fråspark på Gamlesætra

–Vil verta best i klassen

Erlend synest løpet gjekk bra.

– Eg merka at forma mi er bra, sjølv om eg synest det var langt å gå 8 km. Det var ein hard start, seier han.

– Målet for sesongen er å ha det gøy, og å ta alle kameratane mine. Eg vil verta best i klassen på ski, seier han.

Dårleg oppmøte

Leiar for Nordhordland skiklubb, Atle Austrheim, synest oppmøtet til årets rulleskirenn var dårleg.

– Eg hadde håpa på minst 10 deltakarar, men det kom berre fem, seier han.

– Det er alltid nokon som trossar dårleg vêr, er meir ivrig enn andre og alltid tar ei utfordring – og det er bra. Dei som kom fekk ei god økt, seier Atle Austrheim.

LES OGSÅ: Vinterferien på ski

Artikkeltags