Marie Davidsen drøymer om landslaget

I storform for tertnes: Marie Davidsen og Tertnes kjempar heilt i toppen av eliteserien. Keeperen frå Meland vedgår at ho drøymer om spel for landslaget. FOTO: VIDAR LANGELAN, BA

I storform for tertnes: Marie Davidsen og Tertnes kjempar heilt i toppen av eliteserien. Keeperen frå Meland vedgår at ho drøymer om spel for landslaget. FOTO: VIDAR LANGELAN, BA

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Tertnes-keeper Marie Davidsen (22) legg ikkje skjul på at det hadde vore kjekt å få sjansen på landslaget.

DEL

ANNONSE: Få 50 prosent rabatt på Avisa Nordhordland ut året.

Meland-jenta har fått ein kjempestart på sesongen med Tertnes, som no ligg heilt oppe på 2. plass i eliteserien.

– Eg håpar vi skal kjempa blant topp-fem og vera i toppen. Vi ønskjer å gje alle lag ein god kamp, så får vi sjå korleis det går framover. Det er vanskeleg å spå, seier Davidsen.

LES OGSÅ: Kjempekamp av Marie Davidsen

– Kan vera mogleg

Sist sesong var ho med på å føra Tertnes til ein sterk bronseplass i serien. Denne sesongen er laget si målsetting nedjustert.

– Det hadde ikkje vore feil med ny medalje - takkar ikkje nei til det. Men vi har mist ein sentral spelar i Tonje Løseth og har generelt eit ungt lag, grunngjev keeperen.

22-åringen får ein stor del av æra for knallstarten på årets sesong. Personleg legg ho ikkje skjul på at ei landslagsinnkalling hadde smakt.

– Det hadde vore kjekt med landslaget ein gong i framtida, men det er veldig mange gode keeperar i Noreg. Eg må jobba for å bli endå betre og komma opp på eit høgt toppnivå. Då kan det vera mogleg, seier den for tida beste handballspelaren frå Nordhordland.

– Satsar du mot landslaget?

– Eg vil ikkje seia det er målet. Det får heller vera ein bonus dersom så skulle skje. Men eg trenar mykje og har lyst å bli best mogleg. Om det endar med landslaget, så hadde det vore fantastisk, vedgår ho.

LES OGSÅ: – Ho får gull av oss!

Har gått gradene

Davidsen har verkeleg gått gradene på handballbana. Ho starta i Nordre Holsnøy. Gjekk deretter til Salhus, vidare til Bjørnar, så til TIF Viking i Bergen og seinast Tertnes i eliteserien der ho har utvikla seg jamt og trutt til å bli ein stabil og god eliteseriekeeper.

– Marie har ein ekstrem vinnarvilje og ei utstråling på bana som viser dette. Ho har også stor speleforståing. Ho har vore blant dei beste målvaktene her heime det siste halvtanna året, og har framleis store utviklingsmoglegheiter. Eg vil seia ho har alle føresetnader for å nå veldig langt, seier Tertnes-trenar Tore Johannessen til Avisa Nordhordland.

Held «rivalane» unna

Seinast i helga, då det vart femmålssiger borte mot Halden, var Meland-jenta sentral. I løpet av 36 minutt slapp ho kun inn fem mål.

– Då hadde vi veldig bra forsvar. Dermed fekk eg mange lette skudd, og då får ein litt ekstra sjølvtillit og plukkar skot du ikkje skal plukka, seier Davidsen diplomatisk.

Ho er i dag eit klart førsteval, men ho fortel at to yngre «rivalar» ikkje lar henne kvila.

– Dei er flinke å pusha på. Om dei får litt meir erfaring, så kan det fort henda at dei får speletid. Det gjeld å vera skjerpa heile tida og ikkje sleppa dei så tett innpå meg, så eg held fast på plassen, seier Davidsen.

LES OGSÅ: Handball for dei minste: Iver og speleglede

Artikkeltags