Minihandballturnering på Lindås: – Dei er topp motiverte

LINDÅS J7: Frå venstre: Emilija, Viktoria, Christina, Miruna, Emma, Ida Malena, Alva Loise, Leah og Lotta. Dei trenar ein gong i veka, og å spela kampar er eit høgdepunkt.Begge foto: privat

LINDÅS J7: Frå venstre: Emilija, Viktoria, Christina, Miruna, Emma, Ida Malena, Alva Loise, Leah og Lotta. Dei trenar ein gong i veka, og å spela kampar er eit høgdepunkt.Begge foto: privat

Artikkelen er over 1 år gammel

2. desember var det minihandballarrangement i Lindåshallen.

DEL

Denne gongen var det jenter 8 år som hadde til saman 25 kampar.

– Vi hadde besøk av lag både frå Bergen, Sotra og Askøy, seier leiar i handballgruppa i Lindås, Kristin Nesbø.

Minihandball er barna sitt møte med idretten og er ein aktivitet for 6–9 åringane med fokus på leik, moro og læring. Minihandball spelar ein på liten bane, med enkle reglar.

– Ein tel ikkje mål i minihandball, men litt konkurranse vert det jo likevel, seier ho.

Høgdepunkt

Minihandballturneringane er høgdepunkta i året for dei unge handballspelarane.

– Det er kjekt å møte andre lag og øve på det vi har trent på, vi møter mange av dei same laga i turneringane, og det er alltid kjekt å sjå om vi klarer å spele betre enn sist gong, seier trenarane for dei spreke jentene.

J9: Jentene i blå drakt: – Dette er jenter født i 2009, dei er frå Sotra Sportsklubb (Sotra SK), men klubben er stor og består av fleire «lokallag» på dette trinnet, så denne gjengen er frå bygda Foldnes og har derfor det som lagnamn når dei spelar kampar fortel trenar Jane. Namn frå venstre i bildet: Hanne-Sofie Bårdsen, Mathilde H. Folland, Lone Andrea B. Kvande, Lisa Losnedahl, Ingrid S. Hatlelid. Jentene i raude drakter er frå Lindås. Namn frå venstre er: Marte Sylta, Stine Duvfors Valdersnes, Maya Tresvik, Caroline Gjerstad og Isabell Fanebust Rambjørg.

Nina Brattetveit Tresvik er trenar for J8-laget til Lindås.

– Dei er alltid topp motiverte for trening og likar godt å lære nye ting. Dei er sosiale og tek godt vare på kvarandre, fortel ho.

– Nye spelarar blir inkludert på ein god måte, og dei har ein god blanding av spelarar som har trent sidan første klasse og nye spelarar som har komme til gjennom dei to og eit halvt åra dei har spelt handball fortel Tresvik.

– Flott utvikling

Eli Sletten Solsvik og Anette Wergeland trenar jentene som er fødde i 2010.

– Laget består av 18 flotte jenter. Dei trenar ein gong i veka, og å spela kampar er eit høgdepunkt. Spesielt kjekt var det å få spela på heimebane, seier dei to trenarane.

Dei fortel at jentene har vist flott utvikling i haust, med auka forståing, teknikk og lagånd.

– Vi ser fram til vårsesongen med meir minihandball med desse sprudlande jentene seier trenarane.

Artikkeltags