Handballrevolusjonen i Knarvik

GJER ALT: Lilly Camilla Småland noterte seg for tre mål mot Fana. I tillegg til Knarvik, spelar ho med satsingslaget i Åsane. ALLE FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

GJER ALT: Lilly Camilla Småland noterte seg for tre mål mot Fana. I tillegg til Knarvik, spelar ho med satsingslaget i Åsane. ALLE FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Caroline Torpe og Lilly Camilla Småland sin store draum er å koma på landslaget i handball. Fyrst skal dei hjelpa Åsane til Bring-serien

DEL

For seks-sju år sidan var det 20 aktive handballspelarar i Knarvik. No har Knarvik IL meir enn 220 aktive handballspelarar i rekkene sine og dei beste spelarane er tatt ut på regionsamlingar og drøymer om landslaget. Dei som var fyrst ute er jentene som er fødd i år 2000, og som no spelar på det beste laget i bygda.

LES OGSÅ: – Vinnaren seier ikkje «men»!

– Forbilde for dei yngre

– Det er desse jentene som er grunnlaget for handballinteressa i Knarvik, dei er trenings og lærevillige og dei yngre laga ser opp til desse spelarane, seier handballpappa og hjelpetrenar Ole Fredrik Torpe til avisa Nordhordland.

Handball J156. Knarvik - Fana 18-22. Sevilda Korneliussen. Marianne Frønningen. Thea Louise Sæle. Caroline Torpe. Tiril Solen. Mia K Hella. Isabel B Fjelstad. Marion Natås.

Handball J156. Knarvik - Fana 18-22. Sevilda Korneliussen. Marianne Frønningen. Thea Louise Sæle. Caroline Torpe. Tiril Solen. Mia K Hella. Isabel B Fjelstad. Marion Natås. Foto:

For å sikra eit betre nivå for dei beste spelarane, har Knarvik inngått ein samarbeid med Tertnes, Åsane og Flaktveit om å ha eit J16-lag som har som mål å komma seg inn i den landsdekkande Bring-serien. Der møtest dei beste laga frå heile landet, og for å komma med, må ein gjennom eit kvalifiseringsspel. Jentene frå Knarvik er framleis eit år for unge, men fire av dei trenar alt med Åsane.

– Eg har hatt ei utruleg god utvikling etter at eg byrja i Åsane, seier Lilly Camilla Småland til avisa Nordhordland.

– Det er eit veldig godt tilbod, nivået på treningane er bra og du vert berre betre, seier ho. Ho har og fått vera med på fleire av kampane til J16-laget i Åsane.

Det betyr at dei beste jentene frå Knarvik no trenar fem gonger i veka. Ambisjonane er skyhøge.

– Me skal trena hardt og verta best, seier Småland.

På sikt vil dei spela i førstedivisjon, og gjerne enno høgare.

– Kanskje landslaget, seier Caroline Torpe.

LES OGSÅ: Marie Davidsen drøymer om landslaget

Vil ha eit J16-lag i Knarvik

Ho skal byrja å trena med Åsane over nyttår er planen, og med det vert ho den femte spelaren frå Knarvik som trenar med dei beste i sin årsklasse. Til saman er det 20–25 spelarar frå samarbeidsklubbane som trenar og spelar saman.

Kva som skjer med dei som ikkje er gode nok. eller ikkje vil satsa lika mykje på handballen, er ikkje avklara enno.

– Me jobbar med å etablera eit lag for dei som ikkje vil satsa så mykje. Det er viktig for Knarvik IL å ha eit slikt lag, det har me aldri hatt før, og så er det viktig for heile regionen at me lukkast med satsinga i Åsane, seier Torpe.

Handball J156. Knarvik - Fana 18-22. Caroline Torpe.

Handball J156. Knarvik - Fana 18-22. Caroline Torpe. Foto:

Søndag møte J15-laget til Knarvik Fana til kamp i Knarvik. Fana har alltid hatt gode aldersbestemte handballag, men Knarvikjentene har også tradisjonelt sett hatt taket på dei. Men på søndag var det Fanajentene som stakk av med ein fortent 18-22-siger.

– Me spelte bra, men me glepp i forsvaret, seier Caroline Torpe.

Det er far og hjelpetrenar Ole Fredrik einig i.

Gode, men ikkje gode nok

– Me har eit bra forsvarsspel, men me er ikkje bra lenge nok, seier han.

Fana tok tidleg føringa i kampen og gjekk til pause med ei fortent 10-14, leiing. Laga var relativt jamne, men der Knarvik hadde for dårlege avslutningar eller regelrett bomma på mål, trefte Fana-strilane på sine angrep. Til slutt stakk dei av med ein relativt fortent 18–22 siger. Med dette står Knarvik med seks poeng, etter tre sigrar og to tap i dei fyrste fem kampane.

LES OGSÅ: Sjølve definisjonen på breidde-handball

Artikkeltags