Desse gutane er best i beach-handball

REGIONSMEISTRAR: Bak frå v: Tobias Lærkerød, Sigurd Elias Torpe, Robin Syversen, Lars Olav Jøsendal, Leander Torvund, Tobias Styve. Framme frå v. Andreas Zwartjes og Trym Sæbø. Marius Phillips og Herman Fiksdal var ikkje til stades då bildet vart tatt.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Knarvik IL G12 vart søndag regionsmeistrar i beach-handball.

DEL

Dei ivrige gutane på G12 spelte seg til finalen med fem strake sigrar lørdag.

– I finalen søndag møtte dei Nordnes, og det vart to spennande omgangar der vi vann 11–9 i begge, fortel trenar Ole Fredrik Torpe. Han seier gutane gler seg til sommarferie etter ein lang og fin sesong. Og at dei har eit inderleg håp om at det må koma ein beach-handballbane i Knarvik i nær framtid.

Knarvik IL stilte med 6 lag i regionsmeisterskapen på Sotra Arena; 2 lag i J10, 2 lag i J16, pluss eit lag i G12 og G14.

Torpe fortel at beach-handball er ein spennande og fartsfylt aktivitet, der ein speler handball på 27x12 meters sandbane, med maks fire spelarar på bana samtidig.

– Eit mål tel eit poeng, men det vert og delt ut 2 poeng for ekstra flotte skåringar, noko som fører til mykje morosam handball, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken