Gå til sidens hovedinnhold

Vart norgesmeister med siger i fire av fem greiner

Hevda seg i norgestoppen mot verdsmeistrar:

Artikkelen er over 3 år gammel

Både Arne og Endre Reigstad gjorde det godt i sine klassar under NM i kastfemkamp i Tønsberg 9. september.

To blad Reigstad frå AKS-77 tok turen til Greveskogen idrettspark i Tønsberg for å delta i kastfemkamp.

Her deltok dei i NM kastfemkamp, som består av greinene slegge, kule, diskos, spyd og vektkast.

Endre Reigstad konkurrerte i klassen menn veteran 40–44 år.

Les også

Sykkelens superstjerne Peter Sagan er i Nordhordland:–Eg gler meg

 

Fire av fem

Med unnatak av diskos, der han vart andremann, fekk han beste resultat i alle øvingane, og kunne dermed klatra til topps på sigerspallen med 2803 poeng, godt framfor nestemann på lista med 2087 poeng.

Dermed kunne han smykka seg med tittelen norgesmeister i kastfemkamp.

Les også

Ligg dårleg an etter tap på heimebane

 

Mot verdsmeisteren

Arne Reigstad konkurrerer i klassen menn veteran 65–69 år.

I denne klassen måtte han kjempe med verdsmeistrar, som til dømes Arild Busterud som tok tre av tre moglege gull under veteran-VM i Perth i 2016.

Arne gjorde sine saker bra og kom på ein fin 3.-plass med 3027 poeng, dryge 600 poeng bak verdsmeisteren på 2.-plass.

 

Kommentarer til denne saken