Gå til sidens hovedinnhold

Ligg dårleg an etter tap på heimebane

Artikkelen er over 3 år gammel

Dramatisk oppgjer mellom to klubbar som hadde nedrykkspøkelset tett inne på livet.

Heimelaget stod med lua i handa i kampens startfase. Det utnytta Sund til fulle med sine to scoringar. Etter denne perioden kom Nordhordland sterkare inn i kampen.

Sund vart redusert til ti mann då Arild Sangolt fekk det raude kortet for ei sistemannsfelling (35.), Det følgande straffesparket brente Aleksander Vågenes. Det vart slitsamt for Sund med ti mann mot heimelaget som jaga scoringar.

Gjestane heldt ut til det berre var sju minutt igjen, då Aleksander Vågenes reduserte for Nordhordland.

Kampen vart ei nesten-affære for vertane, som aldri klarte å omsette sjansane i teljande resultat, bortsett frå den eine gangen. Nordhordland ligg framleis svakt til på tabellen.

Kampfakta

Nordhordland–Sund 1–2 (0–2)

4. div. avd. 02. Knarvik gras. Dommar: Henrik Pettersen Sunde, Baune.

Mål:

0-1: Erik Sangolt (5.)

0-2: Kim Andre Liseth (10.)

1-2: Aleksander Vågenes (83.).

Kommentarer til denne saken