Kvernbit cup: – Det er kjekt å vinna og grusa dei andre

NØGDE: NBK Seim tykker dei har eit keisamt namn, men er godt nøgde etter å ha slått Eikanger super girls 2–0. Foto: Yngve Garen Svardal
For 14. gong vart Kvernbit cup arrangert i helga. Det heftige regnvêret la ingen dempar på skåringsgleda til dei unge talenta.
– Det er kjekt å vinna og grusa dei andre, jublar trekløveret Michelle Vange Køhne, Thea Marie Frotjold og Dina Amalie Gjesdal Nesse omtrent i kor etter å ha slått Eikanger Super girls 2–0 under sin andre kamp i Kvernbit cup på laurdag.
– Spesielt når du vert klissvåt og sikkert forkjølt dagen etterpå, ler Frotjold.
LES OGSÅ: – Det har vorte utruleg fint
– Kvernbit supergirls, eller powergirls eller girl power
For vêret var på ingen måte med arrangørane under turneringa. Til tider regna det både nedover og oppover. Men etter å ha sikra seg dagens fyrste siger gjer det ingenting kva vêr det er ute.
– Kven tapte de mot i fyrste kampen då?
– Kvernbit supergirls, eller powergirls eller girl power, prøver dei tre seg.
Og med så mange spesielle lagnamn, er det ikkje lett å henga med.
Elles var det Kvernbit powergirls dei tapte mot.
– Og me er berre NBK Seim. Det er keisamt, seier Michelle.
– Det må me ta opp med trenaren, seier ho og ler.
Det kjekkaste jentene veit er å vinna fotballkampar. Det verste dei veit er andre jenter som driv med skulderpress mot dei.
– Då vert eg sint og må ta igjen, seier Køhne og viser på ei ubudd Thea Marie så ho suser leande bortover.
– Ser de på gutane når de er på cup då?
– Neeeeeei!, kjem det i kor frå alle tre.
For dei er det fotball og is det går i.
LES OGSÅ: – Heilt uverkeleg å få prisen
Is, is og meira is
– Så lenge me får is er me nøgde, seier Dina Amalie.
Etter å ha vore på både Voss cup, Manger cup og fotballskule har dei fått med seg mykje under årets sesong. Høgdepunktet er cupar der dei får sova i sovesalar.
– No må me heim. Eller me kan jo ta med telt, men det er jo ikkje så kjekt når det berre er oss, innser Thea Marie.
Årets utgåve av Kvernbit cup er den 14. i rekka. Rundt 200 lag er samla for å spela rundt 600 kampar over tre dagar.
– Me har ikkje kapasitet til meir, seier Sissel Breivik som er ansvarleg for turneringa og har vore med alle 14 åra.
Alt som kan krypa og gå i Kvernbit er med. Det betyr at nærare 300 er med på dugnaden. Alle spelarane i ungdomsavdelinga må stilla. Gjerne som dommarar. Mellom dei er 15 år gamle Elin Hosøy.
– Det er gøy å vera dommar, seier ho.
Men ho får sin del av kjeft og.
LES OGSÅ: Forsvarte tittelen i «Ta sjansen»
Får kjeft av trenarane
– Det er ein del misnøye frå trenarane når eg dømmer feil eller overser noko, innrømmer ho.
Men etter å ha dømt fire-fem kampar kosar ho seg.
– Det er kjekt å sjå at ungane kosar seg og berre det å vera her er kjekt, seier ho.
Laga i turneringa kjem frå heile Nordhordland. Men det er og mange lag frå Bergen som er med.
– Turneringa er på ungane sine premiss og skal vera ein måte å starta haustsesongen på ein god måte, seier Breivik.
Alle lag spelar tre kampar, og ingen skal vera der meir enn ein halv dag.
– Me skal gje ungane ei god oppleving, sluttar ho.
Kommentarer til denne saken