Laget innrømde juks mot Hordabø. Kretsen lét sigeren bli ståande: – Hinsides!

Trenar for Hordabøs A-lag for menn i 7. divisjon, Frode Myking, er forundra over korleis Hordaland fotballkrets håndhever regelverket, og meiner dei opptrer firkanta. Då Djerv 3 sjølv meldte frå om ulovleg bruk av spelarar, hjalp det lite. FOTO: PRIVAT

Trenar for Hordabøs A-lag for menn i 7. divisjon, Frode Myking, er forundra over korleis Hordaland fotballkrets håndhever regelverket, og meiner dei opptrer firkanta. Då Djerv 3 sjølv meldte frå om ulovleg bruk av spelarar, hjalp det lite. FOTO: PRIVAT

Artikkelen er over 1 år gammel

Motstandaren sa sjølv ifrå at de hadde brukt uberettiga spelarar. Likevel lét kretsen resultatet bli ståande.

DEL

– Vi synest dette er ganske utruleg, seier trenar for Hordabøs A-lag for menn, Frode Myking til BA.

Fem til ti gonger i året mottar Hordaland Fotballkrets protestar på bruk av uberettiga spelarar i senior- og aldersbestemt fotball. Som regel blir protestane tatt til følge, og resultatet sett til 3–0 fordel protesterande part.

Men då Hordabø spilte mot Djerv 3 i 7. divisjon avd. 01 fredag 19. mai skulle noko helt spesielt følge. Like etter helga tok Djerv kontakt med Myking – og fortalde at dei hadde brukt fleire uberettiga spelarar. Dei ville vere ærlege, og melde inn for forbundet.

– Aldri opplevd før

– Det har eg aldri opplevd før. All honnør til Djerv – dei er ein føregangsklubb. Vi ante jo ingenting, forklarer Myking.

Problemet er at regelverket krev at ein gir beskjed om eventuelle protestar frå kampen innan 24 timar etter kampslutt. Da Myking ringde kretsen ein vekes tid seinare, var beskjeden klokkeklar: Hordabø hadde ikkje lagt inn protest sjølv, og heller ikkje innanfor fristen. Difor ville resultatet, 3–2 til Djerv, bli ståande.

– «Då protesterer vi her og no», sa eg. «Nei, det går ikkje», fekk eg til svar. Så sende vi inn ein protest til slutt berre for å markere, med same svar. Det kan ikkje vere sånn at når eit ærleg lag seier ifrå at de har juksa, kan ein ikkje få lov å rette opp i det. Det er hinsides all fornuft, meiner Myking, som også hevdar kretsen handhevar loven feil.

– Det er ein paragraf som heiter at «under særlege tilfelle kan protestfristen sjåast vekk frå». Den kunne dei brukt om dei ville, men vi er vel berre ein liten, ubetydeleg klubb i 7. divisjon. Anten handhevar nokon lovene veldig dårleg, eller så er det eit idiotisk lovverk, seier Myking.

Difor sa kretsen nei

Dagleg leiar i fotballkretsen, Knut Berge, stadfestar at dei har behandla og avvist ein protest. Norges Fotballforbund sitt ankeutval heldt oppe avslaget.

– Vi følger ordlyden i regelverket. Eg respekterer at nokon opplevast reglene som rigide, men vi er ikkje einig i det. Det bør, og må, vera veldig strenge krav for å gjera om eit resultat.

– Kvifor kan ikkje paragrafen Myking viser til brukast her?

– Korkje krets eller ankeutval har funne at det i samsvar med gjeldande rettspraksis låg føre særskilde grunnar i denne saka, svarar Berge, som understrekar at Djerv 3 sin bruk av spelarane framleis kan få følger.

– Når eit lag seier ifrå om uberettiga bruk av spelarar, kan det få konsekvensar. Vi har ei sak til vurdering på Djerv 3, men slike ting vil aldri medføre at vi initierer ein protest sjølv. Det må motstandarlaget gjere. Vi har berre ein sanksjonsmoglegheit per no, seier kretsleiaren.

Artikkeltags