Blir første kvinne som kommenterer fotball-VM

VM-Kommentator: Lise Klaveness blir kommentator under VM i Russland.

VM-Kommentator: Lise Klaveness blir kommentator under VM i Russland. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Meland-kvinna Lise Klaveness (36) blir historisk.

DEL

– Det følast bra å bli årets kommentator under fotball-VM. Eg har jobba lenge for NRK og kommentert mykje, men det er viktig og gøy å bryte barrieren for likestillinga si del og sportens del, seier Lise Klaveness til NRK.

Statskanalen deler rettane til å vise fotball-VM i Russland i sommar, frå 14. juni til 15. juli, med TV 2.

Historisk

Ifølge NRK blir Klaveness den første kvinna som får kommentere eit fotball-VM for herrar. Dermed skriv profilen historie.

I 1997–99 spilte Klaveness for Sandviken før ho var eitt år i det som den gang berre heitte Bjørnar. Til slutt fekk ho med seg 51 A-landskampar for Norge.

– NRK skal ha mykje av æra. Det har aldri vore eit tema at eg er kvinne, og det har vore helt likestilt. De har tilrettelagt slik at det har vore mogleg å gjere det som kvinne, fortset ho overfor arbeidsgivaren.

Ho beskriv også fotballen som «paradoksal», all den tid det trass alt er Norges og verdas største kvinneidrett – og framleis totaldomineres av menn i leiande roller.

Artikkeltags