Etterlyser samarbeid

Artikkelen er over 13 år gammel

– Skal vi oppretthalda eit tilbod til dei eldste jentene er vi avhengig av at fleire lag samarbeidar, seier Kvernbit-trenar Sissel Helen Breivik som håpar klubbane legg vekk stridsøksene.

DEL

I fjor spelte Kvernbit sine jenter 11ar fotball. I år spelar dei 7ar i juniorklassen og neste år er det kanskje ikkje lag i det heile. Jentefotballen i Nordhordland er på gyngande grunn i dei eldste klassane.

– Vi har stor ettervekst i klubben og masse spelarar frå småjenter. Då er det forferdeleg dumt at vi ikkje kan gje dei eit tilbod som jente og junior. Resultatet er at dei forsvinn til andre klubbar eller rett og slett gir seg med fotball, seier Sissel Helen Breivik som dei siste åra har hatt ansvaret for Kvernbit-jentene åleine.

Breivik meiner klubbane no må koma ned frå sine eigne haugar og heller laga ei felles satsing for damefotballen.

– Skal vi får til eit tilbod på damesida så må vi kunna samarbeida. Om laget heiter NBK, Kvernbit, Nordre Holsnøy eller kva det måtte vera så er det det same. Poenget er at vi treng eit tilbod. Om det ikkje er like lett å samarbeida på gutesida, så trur eg det hadde blitt lettare på jentesida, seier Breivik som legg til at det også er mangel på gode trenarar på jentesida.

Latterleggjort at gutane

Mandag var det heimekamp mot Gneist 2. Denne gongen var det brukbart oppmøte og laget hadde fleire på sidelinja. Men folk fell fort frå for å gå på skule.

– Mange seier dei ikkje vil begynna fordi det ikkje er noko opplegg på trening og det er veldig få folk, seier Mari-Ann Sagstad som har spelt to sesongar for Kvernbit.

Men eit anna og mindre hyggeleg problem er mobbing frå gutar. – Når dei er på kampane står dei på sidelinja og slengjer med leppa. Og det heldt gjerne fram når vi kjem på skulen dagen etter. Dette problemet trur eg gjer at mange jenter vegrar seg for å byrja på fotball. Veldig trist for det er skikkeleg artig og veldig sosialt, seier Mari-Ann som får støtte frå lagveninnene som heller ikkje har noko til overs for bråkjekke gutar.

Dei gamle må ta tak

Nordhordland har levert mange toppspelarar på jentesida dei siste åra og på Fossemyra var det ein gong i tida også 1. divisjonsspel på kvinnesida. Men det er mange år sidan. No håpar Kvernbit-formann Bjørn Tore Hesjedal at nokon av dei gamle spelarane tek opp tråden og engasjerar seg att.

– Vi treng dei inn i klubben for å få struktur på jentefotballen og eg håpar at dei er villig til å ta i eit tak, seier Hesjedal som elles ser seg om etter andre løysingar der samarbeid med bergensklubbar kan vera eit alternativ.

– Kanskje kan det vera aktuelt at til dømes Sandviken kan bli vår samarbeidsklubb på den måten at dei styrer opplegget her på Fossemyra og vi blir ein slags farmarklubb for dei, seier han.

Artikkeltags