Erlend Andås gjev seg som NBK-trenar

VIL IKKJE BRENNA SEG UT: Erlend Andås føler det vart for mykje å både vera dagleg leiar i NBK og hovudtrenar for a-laget. Difor gjer han seg no som trenar. I alle fall for ei stund. ? Eg har ein ambisjon om å trena lag igjen, seier han.

VIL IKKJE BRENNA SEG UT: Erlend Andås føler det vart for mykje å både vera dagleg leiar i NBK og hovudtrenar for a-laget. Difor gjer han seg no som trenar. I alle fall for ei stund. ? Eg har ein ambisjon om å trena lag igjen, seier han. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

– Ein må ha energien til å skapa engasjement. Det er utruleg krevjande å gjera det samstundes som eg er leiar av klubben.

DEL

Det seier Erlend Andås.

Etter ein 2014-sesong som enda så vidt bak topplaga i 4. divisjon, gjer Andås seg no som hovudtrenar for NBK.

– Det er andre oppgåver i klubben som bør ha mi fulle merksemd, seier han.

Stall overtek

I fjor overtok han som dagleg leiar av NBK, samstundes gjer familiesituasjonen at han no vil prioritera annleis ei stund.

– Eg kjenner at med alle oppgåvene eg har, så må ein ha nok energi til å gjera ein god jobb i alle ledd. Det hadde eg ikkje hatt om eg hadde halde fram som trenar, seier Andås.

LES OGSÅ: NBK må reisa langt i 2015

Spelarane i klubben vart informert på torsdag om avgjerda

Bjørnar Stall har takka ja til å ta på seg hovudtrenarjobben. Og ein jobbar no for å styrka apparatet rundt han.

Denne veka kom serieoppsettet for 4. divisjon 2015, og NBK skal verta godt kjent i Sunnhordland neste år. NBK skal som i fjor spela i avdeling 2, og møter Brann 3, Gneist og NHH. Men det vert mange turar over Bjørnafjorden i ferja for strilane. Dei skal nemleg møta Fitjar, Solid, Stord 2 og Trio.

– Fokus på utvikling

Andås held Gneist, NHH, Frøya og Trio som topplaga i avdelinga.

Men han forventar at NBK skal vera med og kjempa der oppe også.

– Eg vil håpa at me vert eit lag som vert med der oppe i toppen. Me skal ta nye steg, seier han.

LES OGSÅ: Soltvedt tar rolle i bergensfotballen

I 2014 enda dei på 4. plass, eit poeng bak play off-plassen og fire poeng bak direkte opprykk.

–Så då er minst play off-plass ein naturleg konsekvens av utviklinga då?

– Om me har fokus på å utvikla oss, er det det ja, seier han.

Han meiner det ikkje var noko krise at dei ikkje rykka opp i år.

Njøten usikker

– Me hadde særleg to dårlege periodar denne sesongen. Då var me færre på trening enn me burde hatt. Så me må fylla på der og forsterka gruppa, seier han.

Førebels er det berre stadfesta at Anders Belsvik gjer seg, medan Yngve Njøten er usikker.

– Me gjer det me kan for å få Njøten med oss vidare, seier han.

LES OGSÅ: Tre sigrar. 197 baklengsmål. Framleis er ikkje serien over for Radøy-fotballen

Dei er og på jakt etter fleire spelarar. Særleg spiss og midtstoppar.

– Me har nokon på blokka, utan at eg vil nemna namn, sluttar han.

LES OGSÅ: Ekte lidenskap har ingen alder

Artikkeltags