ENK sine morgonfuglar

MORGONFUGLAR: ENK-damene var på plass i Nordhordlandshallen 06.30 onsdag morgon.

MORGONFUGLAR: ENK-damene var på plass i Nordhordlandshallen 06.30 onsdag morgon.

Artikkelen er over 9 år gammel

Damene trenar klokka 06.30.

DEL

06.30 onsdag var ENK sine spreke damer på plass i Nordhordlandshallen for morgontrening.

- Vi har jo lyst å bli betre, smiler jentene som rakk litt frukt til frukost før turen gjekk vidare til skulegang.

Ideen kom på ei impulssamling, der dei talentfulle damene mellom anna fekk sjå treningsoppleget til Brann sine juniorar.

- Då eg såg at dei trena om morgonen, sa eg at "det kan jo vi og gjera". Det var meint som ein spøk, men no er vi her, smiler Sigrid Johansen.

I første omgang skal jentene prøva ut morgontreningane i 4 veker for å sjå om dette er noko å satsa vidare på. Førsteinntrykket er positivt.

- Merkar at det er litt tungt å trena, men er mindre trøytt no enn eg ville vore halv åtte ein vanleg dag, seier Sigrid.

Artikkeltags