Eldstemann vann brødreduell

Artikkelen er over 8 år gammel

Flyt på rutinen.

DEL

- Eg trur Halfdan Emil er ein smule overraska over at eg er i såpass god form. Eg var litt spent på om eg ville ta han, seier Jo Harald Færø etter å ha vunne det 18 km lange rennet i traktene ved Gamlesetra.

Færø-dominans

Ein tredje bror, Magnus Johan Færø (klasse 16-17) kom inn til fjerdeplass. Inge Hatlebrekke (klasse 50-54) klarte å koma seg inn mellom dei tre brørne.

Søstra deira, Bertine-Helene Færø, fekk beste tid av damene.

Erfaring og rutine

Jobben som advokatfulltmektig gjer at han ikkje får trent så mykje som før, og slett ikkje så systematisk med tanke på skisesongen.

- Men eg flyt nok på erfaring og rutine frå den tid eg dreiv med spesialtrening i langrenn, seier 27-åringen som også denne sesongen har slengt med i nokre kretsrenn og lokale renn.

Les meir om Strilarennet og siste rennet i Guldbrandsøy Skicup i onsdags-Nh.

Interessert i fleire lokale nyheiter? Sjå kva abonnement som passar best for deg her

Artikkeltags