«Eg kan garantera at eg er med til neste år og»

Elisabeth M. Kvalheim og Sofie Brunborg er to av elevane i den sprekaste klassen ved Knarvik ungdomsskule. Medan Brunborg har vore med på Knarvikmila fleire gonger før, var årets deltaking den fyrste for Kvalheim. Det gav meirsmak.

Elisabeth M. Kvalheim og Sofie Brunborg er to av elevane i den sprekaste klassen ved Knarvik ungdomsskule. Medan Brunborg har vore med på Knarvikmila fleire gonger før, var årets deltaking den fyrste for Kvalheim. Det gav meirsmak. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Elisabeth M. Kvalheim og Sofie Brunborg er begge med i den sprekaste klassen i Knarvik.

DEL

– Eg har dårleg kondisjon og tenkte det kunne vera bra for å vera med på dette, seier Kvalheim.

– Det var mange gonger undervegs der eg berre ville stoppa opp, men eg hadde ein venn som berre pusha meg vidare, seier ho.

LES OGSÅ: Vil at fleire spring for livet

Kvalheim var ei av totalt 23 elevar frå klasse 9C ved Knarvik ungdomsskule som var med på 5-kilometeren under Knarvikmila, og på det viset vart dei den sprekaste klassen på skulen.

– 23 av 30 elevar er eit usedvanleg høgt tal for ein klasse, seier avtroppa Knarvikmila-general Helge Brekke.

Han og den nye milsjefen, Eddie Ebbesvik hadde onsdag tatt turen til ungdomsskulen for å overrekka 23 jakker til dei elevane i klassen som var med på løpet.

LES OGSÅ: Line og Svanhild er hekta på trening

– Dei som ikkje var med i år, kan setja seg eit mål om å vera med til neste år, seier Brekke.

Elevane fekk onsdag utdelt jakker av ein anonym sponsor, som hadde betalt påmeldingsavgifta for klassen.

No har dei sett seg som mål å få Knarvik ungdomsskule til å verta den sprekaste skulen i landet.

– Målet er å få 100 prosent deltaking til neste år, seier Brekke. Som minna om at for å verta god i idrett, samme kva, er ein avhengig av god kondisjon.

– Skal du verta ein av dei beste i verda, må du spela masse fotball frå du er ung av. Men for å få det til, må ein ha god kondisjon i botn. Då er det lurt å springa litt innimellom, peika Eddy Ebbesvik på.

Og Kvalheim er garantert med vidare.

– Eg kan garantera at eg er med vidare, dette var veldig gøy, sluttar ho.

Artikkeltags