Eddie (42) vert den nye milsjefen

NY DAGLEG LEIAR: Eddie Ebbesvik var ein racer til å springa i yngre dagar, og har pers på halvmaraton på sterke 1.04.46. Men det er mange år og kilo sidan. - Eg har piggskoa i skapet enno, men tar eg dei på meg får eg strekk, ler han. For fotografen sin del tok han likevel ei kort banelengd mandag ettermiddag. Frå mai av tar Ebbesvik over som dagleg leiar i Knarvikmila.

NY DAGLEG LEIAR: Eddie Ebbesvik var ein racer til å springa i yngre dagar, og har pers på halvmaraton på sterke 1.04.46. Men det er mange år og kilo sidan. - Eg har piggskoa i skapet enno, men tar eg dei på meg får eg strekk, ler han. For fotografen sin del tok han likevel ei kort banelengd mandag ettermiddag. Frå mai av tar Ebbesvik over som dagleg leiar i Knarvikmila. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Dugnadsand og foredling av tradisjonar er viktige stikkord

DEL

KNARVIK:På 90-talet var Eddie Ebbesvik ein av dei fremste langdistanseløparane i landet, og friidretten har alltid stått hjartet hans veldig nært. No skal han leia Knarvikmila, og han gler seg som ein unge med ein 1000-lapp i ein godtebutikk til å koma i gang.

– Det skulle i utgangspunktet mykje til for å lokka meg vekk frå det eg gjer i dag, men denne stillinga her er så interessant at eg berre måtte søka, gliser Eddie Ebbesvik når Nh møter han på idrettsbana i Knarvik, ein vesentleg arena i hans nye jobb som dagleg leiar i Knarvikmila.

Friidrett og konseptutvikling

Ebbesvik har vore friidrettsmann sidan han var gutunge, og i heimbygda Salhus gjekk han ein god skule i idrettslaget Norna Salhus. Med kort veg til det som den gong var det svært solide friidrettsanlegget i Knarvik, er han slett ikkje ukjend med tartandekket rundt grasbana i kommunesenteret i Lindås.

LES OGSÅ: Knarvikmila er i gang

– Eg har sprunge nokre rundar her for å seia det slik, og eg har også vore med på Knarvikmila mange gonger, ler han.

Men det er ikkje berre den genuine interessa for friidrett som gjer at Knarvikmila-leiinga har tilsett Ebbesvik. Han har nemleg også mange års fartstid som konseputviklar og storavtaleforhandlar innan G-sportkonsernet. Dette, kombinert med interessa for idretten sterke kjensler til både dugnadsand og foredling av tradisjonar og vilje til å skapa noko, gjer Salhus-karen til eit godt leiarval. Sjølv er han både audmjuk og meir enn klar for utfordringane som ligg framfor han frå våren av.

– Fantastisk arrangement

– Grunnen til at eg søkte på stillinga er at Knarvikmila er eit fantastisk bra arrangement, og dette er ein jobb eg går til med admjukheit og respekt. Eg føler eg har bakgrunnen for å kunne ta på meg ei slik oppgåve, og med tanke på at Knarvikmila er eit så godt maskineri, med ein så stor stab av frivillige som har vore med mange år, er eg trygg på at dette vert bra, seier Ebbesvik til Nh.

Oppvaksen med dugnad

For dette med samarbeid, dugnadsand og tradisjonar, det er den påtroppande Knarvikmila-leiaren levande oppteken av.

– Knarvikmila har utvikla seg frå å vera eit løp på 10 kilometer til å verta ein svær folkefest, med mange løp, konferansar, konsertar og mykje meir. Mila engasjerer også alle aldersgrupper. Vi vil utvikla mila vidare, og det er mogleg nettopp fordi det er så mykje flinke folk her, men eg er også veldig oppteken av å ta vare på og foredla det vi allereie har. For Knarvikmila er allereie eit fantastisk arrangement, seier han til Nh.

LES OGSÅ: The United i Knarvik: – Eg byrja å grina!

Ebbesvik er også klar på at eit så stort arrangement skal gi litt tilbake til lokalsamfunnet.

– Det er viktig. Eg er oppvaksen med dugnadsand, og oppteken av at denne skal leva vidare. Eit arrangement som Knarvikmila er ei finansieringskjelde for idrettslag og organisasjonar, då desse kan stilla på dugnad og få inn pengar til eiga drift. Slikt gjer igjen at unge utøvarar får moglegheita til å utvikla seg, og ingenting er viktigare enn dei unge, seier Ebbesvik, som sjølv har vore friidrettstrenar i fleire år.

Variert og spennande

Den eksakte stillingsinstruksen har ikkje den nye daglege leiaren fått enno, men han ser føre seg ein variert og spennande kvardag frå mai av.

– Eg er også så heldig at eg har med meg Helge Brekke fram mot årets mil. Det vert nok veldig nyttig. Han har gjort ein heilt utruleg jobb med å bygga opp mila til det den er i dag, saman med gode hjelparar, seier Ebbesvik til Nh.

LES OGSÅ: Charlotte Nielsen sluttar i Knarvikmila

Artikkeltags