«Då eg byrja i jobben, var det ingen som ville spela for Brann»

Det er lite å seia på humøret til Rune Soltvedt, men han er ein bestemt kar, om han vil. I årets sesong har Kasper Skaanes markert seg med å spela med hårband, men hadde Soltvedt bestemt, hadde det ikkje skjedd.- Hadde dei hatt det, hadde eg klikka, seier han. 
Soltvedt er oppteken av det positive. - Banning var heller ikkje lov då eg var trenar på u-laget. Banna dei, stoppa eg treninga. Det skal vera eit miljø tufta på gjensidig respekt for kvarandre, seier han.

Det er lite å seia på humøret til Rune Soltvedt, men han er ein bestemt kar, om han vil. I årets sesong har Kasper Skaanes markert seg med å spela med hårband, men hadde Soltvedt bestemt, hadde det ikkje skjedd.- Hadde dei hatt det, hadde eg klikka, seier han. Soltvedt er oppteken av det positive. - Banning var heller ikkje lov då eg var trenar på u-laget. Banna dei, stoppa eg treninga. Det skal vera eit miljø tufta på gjensidig respekt for kvarandre, seier han. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Ein skillingsbolle og ein kopp kakao, var det som skulle til for å få Rune Soltvedt til å byrja som trenar i Brann. No er han sjef for ei av dei beste utviklingsavdelingane i norsk fotball.

DEL

På årets lagbilde av Sportsklubben Brann er det heile åtte spelarar frå utviklingsavdelinga i klubben.

Den same klubben som har gått frå å vera kjent som ein talentfiendtleg klubb, er brått vorte ein av dei mest talentvennlege av dei alle. I ei nøkkelrolle sit ein mann, som ifølgje seg sjølv, har enda opp der han er takk vera tilfelle.

Byrja for å få seg vener

Rune Soltvedt, opphavleg frå Stanghelle, var skulelei og droppa ut av vidaregåande skule etter nokre månadar. Og som mange andre i det samfunnet byrja han å jobba på fabrikken på Dale.

LES OGSÅ: Brann vil starta fotball-akademi i Knarvik

Etter nokre år møtte han kjærleiken i form av Sandra frå Hjelmås, og han tok valet om å flytta til Knarvik. For å verta kjend med folk, takka han ja til å trena eit fotballag når eldsteguten byrja på skulen.

– Vi sat på eit møte, og det vart spurt kven som ville verta trenar. Då kom den klassiske der alle ser ned i bordet eller veska si, så eg tok opp handa, seier Soltvedt.

Trenarerfaring hadde han null og niks av.

– Men eg tenkte det var ein fin inngangsbillett til å verta kjent med folk på, seier han.

LES OGSÅ: Kim skal gå på fotball-akademiet til Valencia

Slik dreiv han på i åtte år. Samstundes som han dreiv på som trenar her ute, gjekk ungdomsarbeidet til Brann så det suste. Men i 2004 la klubben meir eller mindre ned satsinga, då dei tok alle som jobba i u-avdelinga opp på a-laget, for å styrka det.

Dermed var nedgangen for ungdomssatsinga i Brann i full gang.

Ville ikkje til Brann

Soltvedt hadde på denne tida tatt over som dagleg leiar i NBK, men så kom Bjørn Eirik Brandt og spurte om Soltvedt ville byrja som trenar i Brann. Men det var ikkje aktuelt.

– Eg sa nei til han, for det hadde eg ikkje lyst til, seier han.

LES OGSÅ: Valde vekk 1.divisjon for sommarjobb i NBK

Soltvedt såg på seg sjølv som ein vanleg foreldretrenar i NBK, og var nøgd med det.

– Eg høyrde ikkje noko frå Brandt på ei stund. Så vart eg invitert på Baker Bruun i Åsane. Då spanderte han ein skillingsbolle og ein varm kakao på meg, så sa eg ja. Slik kom eg inn, seier han og ler sin velkjende latter.

Deretter har det gått slag i slag.

– Når ein starta utviklingsavdelinga i slutten av 2007, tilsette vi to heiltidstilsette trenarar, ein fysioterapeut, administrativ leiar og ein utviklingssjef, fortel han.

Soltvedt og Helge Nilsen trena kvart sitt lag, og i 2012 overtok han heile leiarjobben for avdelinga.

LES OGSÅ: NBK håpar på dobbelt opprykk i år

No er han ikkje trenar lenger, men har det administrative arbeidet, der han føl opp lag og spelarar, både internt og opp mot landslaga. I det ligg det og ein tett dialog med a-lagstrenar Richard Norling. Mellom anna skal han gjera Norling merksam på nye unge talent.

Skryt av Richard Norling

– Eg er dagleg og diskuterer med Norling. Mellom anna skal eg gjera han merksam på at no kjem det eit nytt talent. Og der er Norling ekstrem, eg har aldri opplevd maken. Mange kan seia det, men han gjer det og, seier Soltvedt.

Samstundes som Soltvedt har klatra i hierarkiet, har økonomien i norsk fotball og Brann vorte dårlegare.?Og sjølv om dårleg økonomi i Brann er eit relativt omgrep når dei framleis kan bruka millionar på spelarar som Karadas og Orlov, så seier Soltvedt at tilfeldigheitene spelar inn her og.

– Alt snudd på hovudet

– Ein må ha ein del flaks med seg og. Då vi vann gullet i 2007 veit eg kor Utviklingsavdelinga sin posisjon var, den var veldig svak. Då vi møtte andre klubbar som hadde drive godt med spelarutvikling over fleire år, så merka du at posisjonen din var litt sånn «hold deg her borte i hjørna du». I?Brann var det stjernespelarar over alt, og det var ein klubb som var påverka av å vera i det gode selskapet, fortel han.

LES OGSÅ: Brann banka Radøy/Manger 9-0

Men no er det heile snudd på hovudet.

– No er det ein klubb som står bak dette. Roald (Bruun-Hansen) har klart å beskytta oss, og posisjonen vår er mykje sterkare. Vi har ein plass der avgjerdene vert fatta, seier han.

Resten av saka, og kva Richard Norling, Jonas Grønner og Andreas Vindheim tykkjer om jobben til Rune Soltvedt, kan du lesa om i vår e-avis. Den kjøper du her!

Artikkeltags