Claus raskast i karusellopninga

I EIN EIGEN KLASSE: Ingen kunne måla seg med Claus Sellevoll i årets første renn i lysløypekarusellen på Hopsdal. Ti kilometer la han bak seg på 29.03.

I EIN EIGEN KLASSE: Ingen kunne måla seg med Claus Sellevoll i årets første renn i lysløypekarusellen på Hopsdal. Ti kilometer la han bak seg på 29.03.

Artikkelen er over 8 år gammel

Tok tikilometeren på under halvtimen.

DEL

Nysnø og kuldegrader sette ei flott ramme rundt årets første renn i lysløypekarusellen på Hopsdal. Claus Sellevoll gjekk ikkje overraskande raskast av alle i den 10 kilometer lange løypa.

- Måtte jobba litt mot syra i dag. Har kjørt tolv timar i bil for å nå dette rennet, og det kjennes. Men eg trur eg var under halvtimen, og det er eg fornøgd med, seier Sellevoll etter målgang.

Sellevoll si vinnartid vart til slutt 29.03. Dette over tre og eit halvt minutt framfor nestemann, Gisle Clementsen, som gjekk i mål på 32.24. Begge dei to går i klassen M 36-40. Fire sekund lenger tid brukte Jo-Harald Færø i klassen M senior.

Sellevoll hadde ein veldig god 2009-sesong, og ein endå betre 2010-sesong. Prognosane for året ser også svært lovande ut for gjøglaren frå Alversund.

Birken-nummer sikra

- Eg trenar i alle fall godt, og har vore tidleg ute med å skaffa meg startnummer til Birken. Trur det kan verta bra, seier Sellevoll, som for tida er på turné med teaterstykket Tyl, og som altså måtte tilbringa mange tirsdagstimar i bil på dårlege og glatte Sognevegar for å nå onsdagens skirenn.

- Det passa godt med at vi skal spela tre dagar på Logen no. Viktig å få med seg løpa heime, seier Sellevoll, før han må ut i løypa igjen og gå ned.

38 store og små av begge kjønn stilte til start i årets første karuselløp på Hopsdal. Raskast av damene, som gjekk fem kilometer, var Bertine-Helene Færø i klassen K 18.

Ho gjekk i mål på 21.06. Mette Jersin Ansnes, i klassen K 31-35 var nest raskaste kvinne med tida 23.01.

- Kunne ikkje fått betre start

Føremessig såg det dårleg ut med karuselløp tirsdag, men så byrja nedbøren å koma som snø. Onsdag fraus det godt på oppe i dalen, og skiføret vart såleis svært bra, sjølv om det var blautt langt nede.

Prepareringsmannskapa frå Knarvik IL hadde også gjort ein framifrå jobb.

- Vi kunne ikkje fått ein betre start på skisesongen. Draumeforhold med kuldegrader, snøtunge tre og blåswix-føre, gjorde sitt til at det var mange blide fjes å sjå i lysløypa, melder arrangørkomiteen.

Skifolket i Nordhordland har no fått ein gnistrande start på sesongen. Om vi får same vinteren som i fjor kan framhaldet verta svært bra.

Bildeserie frå rennet

Sjå TV Nordhordland-reportasje

Artikkeltags