Charlotte Nielsen sluttar i Knarvikmila

SLUTTAR: - Eg har fått ein masse nye erfaringar, men det vart gjerne ikkje det eg trudde det var, seier ho.

SLUTTAR: - Eg har fått ein masse nye erfaringar, men det vart gjerne ikkje det eg trudde det var, seier ho. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Byrjar i ny jobb ein månad før årets arrangement. – Det vart ikkje det eg trudde, seier ho.

DEL

Etter litt over eit år i jobben som aktivitets- og helsekoordinator i Knarvik-mila, byrjar Charlotte Nielsen første august i jobben som HR-leiar hjå NCC.

Ikkje leita lenge etter jobb

– Det har vore lærerikt og utfordrande, men eg var klar for nye utfordringar og når eg fekk eit nytt jobbtilbod så slo eg til, seier ho til avisa Nordhordland.

Ho byrja i jobben første juni 2012 og hadde sin siste arbeidsdag i slutten av juni 2013.

LES OGSÅ: Opna lysløypa til Vanntanken

Ho seier at ho ikkje har vore på utkikk etter jobb lenge.

– Eg har fått ein masse nye erfaringar, men det vart gjerne ikkje det eg trudde det var, seier ho.

– Kva legg du i det?

– Det vil eg ikkje utdjupa, men trivsel er så mangt. Og så lenge ein er i ein jobb, vil ein jo gjerne vera der så lenge som mogleg.

– Ikkje rette plassen for meg

– Men det var kanskje ikkje rette plassen for meg, seier ho.

Knarvikmila-generalen Helge Brekke seier at han skjønar avgjersla til Nielsen.

– Ho går til ein betre jobb som og er betre betalt, seier han.

LES OGSÅ: Knarvikmila hoppar i det med nytt tilbod til utviklingshemma

– Dette at ho sluttar no og byrjar i ein ny jobb ein månad før årets arrangement, skapar det problem for dykk?

– Vi skal klara oss

– Nei då, vi skal alltid klara oss. Ein må hugsa på det at Knarvikmila har ein stor stab. Og for å vera heilt ærleg, så lenge han Helge Brekke og den trufaste staben er der, skal dette gå bra, seier han til avisa.

Knarvikmila vert i år arrangert for 31. gong og har fleire hundre frivillige på plass for å få gjennomført arrangementet.

LES OGSÅ: Store namn til KnarvikMila

Årets arrangement inkluderer i tillegg til den tradisjonelle Knarvikmila, konferanse med mellom anna Geir Lippestad og Per Fugelli, NM i halvmaraton og Fjord Nordway halvmaraton, for å nemna berre nokre av alle arrangementa som går av stabelen i den hektiske augustveka.

Leitar etter erstattaren

– Dette er ikkje anna enn heilt vanleg prosedyre i arbeidslivet, legg Brekke til.

Han seier at dei skal søka etter ein erstattar for Nielsen.

– Folk kjem og dei går. Det er ikkje noko å seia på, slik er det. Vi skal søka etter nye folk, men vi har ikkje byrja med det enno. Vi har plenty med folk som vil jobba for Knarvikmila, så det er ikkje noko problem, seier han.

Det er i utgangspunktet ei og ei halv betalt stilling i Knarvikmila, i tillegg til utalelege timar med dugnadsinnsats.

– Vi har alt på stell og har folk som kan ta seg av dei ulike oppgåvene. Årets arrangement skal gå etter planen, sluttar han.

LES OGSÅ: Helge fekk Frivilligprisen

Artikkeltags