Maiko Kängsep (20), busett i Meland, er nybakt estisk, juniormeister i bodybuilding. Han trenar på Knarvik Treningssenter kvar einaste dag, i eit lokale han sjølv har pussa opp.

Det er ein blid kar med handtrykk som ei skrustikke som møter Nh sin utsending i styrkerommet på Knarvik treningssenter. Her trenar han kvar dag, anten klokka 06.00 om morgonen eller klokka 17.00 om ettermiddagen.

Rutinar spelar nemleg ei vesentleg rolle om du skal bygga kropp på riktig måte.

- Det er jo ein hobby for meg, men også ein livsstil, forklarar Maiko.

Han har berre budd i Norge i tre månader og snakkar ikkje språket enno, så samtalen må gå på engelsk. No er klokka 17.00 og han er klar for dagens treningsøkt.

- Hard konkurranse

Maiko byrja for alvor å bygga kropp for to år sidan. Han har sidan den gong vore med i tre store meisterskap, og har ei god merittliste å sjå tilbake på.

I april tok han 1. plass i sin klasse i Estonia Cup, og i mai vart det 5. plass i Match of Baltia, der deltakarar frå alle dei baltiske landa deltok.

Denne månaden vart det ein ny 1. plass i Championship of Estonia.

- Det har gått veldig bra i konkurransane, men du må trena og eta mykje for å hevda deg. Konkurransen er hard, fortel 20-åringen som deltar i klassen junior 75 kilo.

I Estland er bodybuilding ein populær aktivitet, og den siste konkurransen i hovudstaden Tallin vart send på riksdekkande TV.

På jobbutkikk

No er det meir trening som står på programmet. Maiko har konkurransefri i eit år, og på den tida skal han bygga seg endå større gjennom hardt arbeid.

Han har enno ikkje bestemt seg for om han satsar på å gjera karriere av hobbyen sin.

- Eg likar det veldig godt, men framtida veit eg ikkje så mykje om. Akkurat no er eg på utkikk etter ein vanleg jobb, seier 20-åringen, som er utdanna tømrar, og sjølv har gjort tak- og veggarbeidet i det flotte, nye styrkerommet på Knarvik Treningssenter der han trenar.

Sjå video av Maiko i aksjon her (Nh tar ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider)