Brann vil starta fotball-akademi i Knarvik

KJEM DEN NYE HUSEKLEPP FRÅ NORDHORDLAND?: Til vinteren vil Brann starta talentskule i Knarvik. Kanskje me ser nordhordlendingar på bana igjen for Brann i framtida?

KJEM DEN NYE HUSEKLEPP FRÅ NORDHORDLAND?: Til vinteren vil Brann starta talentskule i Knarvik. Kanskje me ser nordhordlendingar på bana igjen for Brann i framtida?

Artikkelen er over 6 år gammel

– Det er mange løvetannbarn som likevel kjem seg opp, men ein må laga eit miljø der du ikkje må vera eit løvetannbarn for å få det til, seier NBK-sjef Erlend Andås.

DEL

Få klubbar i Norge har vore betre enn Brann til å dyrka fram unge talent dei siste åra. Dei fyrste ti serierundane i år, nytta klubben heile sju spelarar frå Hordaland fødd etter 1.1. 1993 i eliteserien. I framtida kan det kanskje vera nordhordlendingar som spelar for a-laget og.

– NBK som samarbeidspartnar

For i november startar dei opp med eit Brann-akademi i Knarvik, for spelarar fødd frå 2002–2004.

– NBK vil vera vår samarbeidsklubb, seier utviklingssjef i Brann, Rune Soltvedt til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Kim skal gå på fotball-akademiet til Valencia

Planen er at opplegget i Nordhordland skal vera ein del av Brann-akademiet, som vert sone Nordhordland. Opplegget skal gå frå november til mars, og det skal vera to treningar i veka.

– Brann skal vera med og styra opplegget, og ein trenar etter eit opplegg som vi bestemmer, seier Soltvedt.

Brann stiller mellom anna med fast trenar, medan NBK stiller med koordinator og trenarar.

For Brann er opplegget velkjent, for eit liknande opplegg køyrde dei i Bergen i fjor.

LES OGSÅ: Status quo på Radøy

Då fekk 70 spelarar vera med og trena med klubben. I år doblar dei talet på spelarar som får vera med i Bergen. I tillegg kjem altså akademiet i Knarvik.

– Byrjinga på eit godt samarbeid

– Eg har trua på at dette kan verta byrjinga på eit godt samarbeid vidare, seier Soltvedt.

– Eg ser meir på dette som trenarutvikling enn spelarutvikling, seier han.

Soltvedt seier dei har ein plan om korleis dei kan bidra i heile distriktet.

– Men vi vil ikkje trakka inn og fortelja ein kva ein skal gjera, seier han.

– Men vi vil bidra og fortelja kva vi tenker rundt dette. Men då må klubbane vera villige til å erkjenna at det ein har gjort til i dag, må gjerast annleis, seier Soltvedt.

Han seier at målet er ikkje å utvikla spelarar til Brann sitt a-lag, men å utvikla eit tilbod til ungdom i nærmiljøet.

– Gull verd

Dagleg leiar i NBK, og trenar for a-laget, Erlend Andås, er positiv til eit samarbeid.

– Spelarane i regionen får eit betre tilbod, og vi får auka kompetansen på trenarane som er med på noko slikt, seier han.

Andås legg ikkje skjul på at dei har mykje å læra av Brann.

– Dei er den einaste klubben som verkeleg driv profesjonelt i fylket, peikar han på.

LES OGSÅ: Valde vekk 1.divisjon for sommarjobb i NBK

– Å få Brann-stempelet og deira kompetanse med på laget er gull verdt, legg han til.

Men Andås seier dette og er ein styrke for Brann.

Løvetannbarn

– Klubben vil vinna på å styrka seg i regionane rundt seg. Det vert drive godt i småklubbane rundt Brann, peikar han på.

LES OGSÅ: NBK håpar på dobbelt opprykk i år

Han dreg fram at det er mange spelarar i distriktet som går med ein draum om å spela på Stadion, men ikkje har fått den rette arenaen eller oppfølginga.

– Det er mange løvetannbarn som likevel kjem seg opp, men ein må laga eit miljø der du ikkje må vera eit løvetannbarn for å få det til, seier han i reinaste Richard Norling-stil.

På sikt vil Brann starta opp liknande soner andre plassar i Hordaland.

Begge klubbane er samde om vegen framover, no skal detaljane i samarbeidet drøftast vidare.

LES OGSÅ: Hat trick-helten Vågenes

Artikkeltags