Fredag kveld var det klart for årets tredje seriekamp for Radøy/Manger i 4.divisjon, avdeling to.
Fyrste kamp enda med eit grufult 1-7 tap borte mot Gneist, medan den neste kampen, heime mot Nordre Fjell viste lovande taktar. Då enda det med 0-1 tap etter ein keepertabbe.
LES OGSÅ: Skal gjera Knarvik Xtrem til det største løpet i Nordhordland
Men fredag var det klart for eit møte med det tredje beste laget til Brann, og det var ikkje nokon god oppleving for strilar på bytur.
Heile 9-0 vann bergensarane. Til paus stod det 4-0, og kampen var i realiteten over alt då.
LES OGSÅ: NBK håpar på dobbelt opprykk i år
Tek ein med cupkampen mot Arna/Bjørnar, har Radøy/Manger no 2-21 i målskilnad på fira teljande kampar i 2014-sesongen for laget som vart tvangsnedgardert etter 2013-sesongen.
Radøy/Manger ligg, ikkje overraskande, heilt sist på tabellen, medan Brann toppar avdelinga.
LES OGSÅ: Nordre Holsnøy opna med tap