Gå til sidens hovedinnhold

Tommy drar til Rio de Janeiro eitt år før tida

Artikkelen er over 5 år gammel

Tommy Urhaug reiser lørdag til Rio de Janeiro for å bli kjend med OL-byen.

Bordtennisesset frå Radøy er spesialinvitert til Rio for å ta anlegga og OL-byen nærmare i augesyn.

– Ja, eg fekk ein invitasjon til å koma ned og sjå anlegget og få ei omvisning. Rett og slett sjå litt på forholda. Då tar eg sjansen på å dra, seier Tommy Urhaug til Avisa Nordhordland.

Urhaug er lova omvisning i Olympic Park, Olympic Village Maracana Stadium og bordtennishallen. Invitasjonen kjem etter at Olympiatoppen har vore ein tur til Rio. 

Gler seg til turen

– Leiinga i Olympiatoppen var der for to og ei halv veke sidan. Då var landslagstrenaren min invitert med, men på grunn av EM og litt sjukdom passa det ikkje for han å reisa. Han fekk då ein invitasjon til å komme ned no og ta med meg, fortel Urhaug.

– Dette er vel ein tur du gler deg til?

– Ja, absolutt! Det blir flott å koma ned dit og ikkje minst sjå kor langt dei har kome og om dei er i rute til neste år. Kor mykje eg får sett og får tilgang til veit eg ikkje, men vi skal i alle fall få ein bil som køyrer oss rundt på desse ulike plassane og vi får eit møte med arrangøren, seier Urhaug.

Turnering i Buenos Aires

Urhaug vann nyleg sitt niande EM-gull i karrieren. Han var då tydeleg på at meisterkapen «berre» var eit delemål på vegen mot neste års Rio-OL. No blir OL-fokuset endå meir tydeleg.

– Ja, det er klart. Det var litt greit å få ein slik tur no. Det blir som eit kick off for OL-satsinga. No får eg eit bilete i hovudet av kva som ventar, korleis Rio er, folket og livet der. Det er greit å få det på førehand, når dei tunge treningsdagane kjem.

35-åringen skal også innom ei turnering i Buenos Aires i Argentina. Den statartar torsdag, og Urhaug har tatt høgde for at han kan nå heilt til topps i bestillinga av heimreise.

– Eg tar med den på vegen når vi først er i området. Det blir mest sannsynleg mi siste turnering i år, seier Urhaug.

Instruktør i skuleklassar

Etter EM-gullet har Urhaug vore ein tur i Oslo på samling med Olympiatoppen.

Bordtennisspelaren har også vore instruktør på «Grenselause dagar» i regi Norges Idrettsforbund, sidan han har ei 50 prosentstilling i Olympiatoppen

– Eg har vore instruktør eit par dagar der ein presenterer idrett for funksjonshema til skuleklassar som har funksjonshemma i si klasse. Så har eg hatt ansvar for å følgja opp i etterkant og invitera til treningssamlingar, fortel Urhaug om fokuset etter det siste EM-gullet.

I Brasil har Tommy Urhaug mål om å forsvara OL-gullet frå 2012 i London. 

Kommentarer til denne saken