Gå til sidens hovedinnhold

Lite feiring av EM-gullet for Tommy

Tommy Urhaug tok sitt niande EM-gull i bordtennis

Artikkelen er over 5 år gammel

Tommy Urhaug (35) tok sitt niande gull i EM. Etterpå reiste han rett til Oslo for samling med Olympiatoppen.

ANNONSE: Få 50 prosent rabatt på Avisa Nordhordland ut året.

Den store feiringa av EM-gullet onsdag vart det difor ikkje.

– Nei, det blei det ikkje, men eg vart invitert ut på middag av sponsorar, idrettsforbundet og Olympiatoppen. Eg hadde ein fin kveld onsdag, og kan ikkje klaga på det, seier Tommy Urhaug til Avisa Nordhordland etter at det niande EM-gullet i bordtennis var eit fakumt.

Torsdag, dagen etter bragda i danske Vejle, bar det rett tilbake til bordtennisbordet og lagkamp mot Tyskland, ein kamp som enda med 2-0-tap.

– Den var eg ikkje heilt klar for, men eg gjorde det fordi vi har med ein 14-åring som skal få prøva seg, forklarer gullgrossisten.

Delemål mot OL-gull

Trass i at skuffer, skap og hyller heime på Radøy er fulle av premiar og medaljar, betyr eit EM-gull nummer ni framleis mykje.

– Når ein har halde på så lenge som eg har, så er det greit å få nokre stadfestingar på at eg har noko i toppen å gjera. Det betyr kanskje meir enn eg har trudd. Eg måtte ha nokre minutt for meg sjølv for at det skulle synka inn, fortel han.

– Dette betyr ganske mykje med tanke på det som skal skje neste år. Det viser at eg har gjort riktige ting, påpeikar Urhaug.

Det bordtennisesset siktar mot er sjølvsagt neste års OL i Rio.

– Ja, det er det store målet. EM er eit delemål på vegen der eg har jobba med ein del nye ting som eg vil ha på plass til neste år. Desse tinga har eg fått testa ut her, og fått ein peikepinn på kor eg ligg i løypa. Det er greit å sjå at eg lukkast so bra.

Rett på samling i Oslo

35-åringen spelte ein siste lagkamp mot Serbia fredag. I helga går turen ikkje heim til Radøy, men til Oslo og samling med Olympiatoppen.

– Vi samlast der til ei første OL-samling mandag og tirsdag før eg reiser heim, fortel Urhaug.

I Brasil er eit nytt OL-gull ambisjonen for radværingen.

– Ja, det er sjølvsagt det eg jobbar for. Det er ikkje noko anna som gjeld, smiler han.

Kvile på laurbæra har Urhaug aldri vore kjend for, og det blir det heller ikkje noko av etter den foreløpig siste triumfen.

– Nei, det blir det ikkje - i alle fall ikkje no. No er eg i bra form og må halda fram og køyra på med dei langsiktige planane vi har. Det blir bra, trur eg.

– Har du fått mange gratulasjonar?

– Ja, det har vore voldsomt! Det er tydeleg at folk har følgt med. Eg trur mange har følgt med på livestreaming. Folk har sendt melding før eg har lagt ut resultat, det tyder på at folk følgjer med og det er veldig kjekt, seier EM-vinnaren.

Faren: – Har eit ekstra gir

Avisa Nordhordland si Facebook-side er ikkje noko unnatak.

«Enestående! G R A T U LE R E R!» skriv Yvonne Cecilie Jordal.

Frå Sølvi Helen K. Mjøs kjem denne helsinga:

«Gratulera!! Heilt konge!!!»

«Gratulerer dette er bra . Vi er stollt av deg!!!» melder Irene Lie.

– No satsar eg i første omgang fram til OL. Kva som skjer deretter får vi ta då. Det handlar om mange faktorar. Det økonomiske må vera på plass og kroppen skal vera klar for det. I augneblinken står eg også utan ein solid stor sponsor, men kanskje dette kan endra på det, seier Urhaug og fortel at det er vanskeleg å finna sponsorar som går inn tungt over tid.

Pappa Lyder Urhaug blir aldri van med alle gulla til sonen.

– Eg er faktisk like ivrig som far sjølv om han har vunne EM mange gonger no. Det er ekstremt spennande, for nivået har blitt mykje betre dei siste åra, både i Europa og elles i verda. At Tommy klarer å følgja opp denne nivå-aukinga igjen og igjen er ubegripeleg for meg. Han har eit gir ekstra som andre ikkje har, seier far Urhaug.

Kommentarer til denne saken