Allereie som sjuåring byrja Ingebrigtsen å trena friidrett, og han var eit talent i dei fleste disiplinar i ei årrekkje. Men då han som 19-åring vart sendt til Sætermoen etter rekruttskulen, forsvann brått mogelegheitene hans for vidare friidrettssatsing.

- Men to meter snø store delar av året, vart det til at eg brukte mykje tid i treningsrommet, og det var her eg fann ut at eg ville byrja å bygga kropp, seier 28-åringen til nh.

Sidan den gong har det gått slag i slag. Ingebrigtsen har gått frå å vera høg og tynn til å verta høg og kraftig, og årleg legg han på seg to-tre kilo i reine musklar. Han et sju-åtte måltider kvar dag, og gjennomfører seks beinharde treningsøkter kvar veke. I oktober i fjor deltok han også i kroppsbyggar-NM, og vart nummer 12 som førstegangssiglar i eit knalltøft felt.

- Sjølvdisiplin

Stig Ingebrigtsen både trenar, et og lever på ein måte som berre er for dei spesielt interesserte, men han sit på ein enorm kunnskap om kosthald og trening som kan vera nyttig for oss vanlege dødelege også. Knarvik-mannen har nemleg jobba som personleg trenar og treningsvegleiar i mange år, og har sett og høyrt dei fleste forklaringar på kvifor folk er i dårleg form. Sjølv er han klokkeklar på at alle kan koma i god form dersom dei sjølve er innstilte på det. Og det er mykje psykologi å ta med seg på vegen.

- Sjølvdisiplin er alfa og omega. Du må ha trua på det du driv med. Klarar du å kombinera riktig trening med eit sundt og godt kosthald, er du langt på veg, seier han til nh.

- Ingen tortur

Ingebrigtsen har ikkje mykje sansen for slankekurar, og frårådar folk å hoppa på diettar. Han fortel at ei livsstilsforandring vanlegvis må til for å oppretthalda ei vekt eller ein fasong ein sjølv kan vera fornøgd med og ønskjer.

- Men det er viktig å vita at det du byrjar på er gjennomførbart. Det er ikkje meininga at nye treningsmetodar og endra kosthald skal vera tortur, seier han.

Ingebrigtsen anbefalar at eit vanleg måltid vert sett saman av alle næringsemna, det være seg karbohydrat, protein og feitt.

- Prøv å bruk så reine råvarer som mogeleg. Langkokt ris, korn, grovt brød, poteter, fisk, kjøt, fugl og egg er gode eksempel på bra mat, fortel han.

- Rytme

Ingebrigtsen ser ikkje på det som eit problem å bruka sausar og godt krydder til maten.

- Men det seier jo seg sjølv at det ikkje er bra med feite sausar til alle rettar, seier han.

28-åringen sitt beste tips til dei der ute som ønskjer å koma i betre form er faktisk å eta oftare, gjerne 5-6 måltid for dagen, og heller kutta ned på porsjonane.

- På denne måten får du opp forbrenninga og får eit stabilt blodsukker. Visst du et ein tung middag vert du ofte heilt gåen og må ha deg ein time på sofaen. Dette er fordi blodsukkeret går heilt i botn. Litt søvn stabiliserer blodsukkeret igjen, men det klart beste er mindre og hyppigare måltid. Då opprettheld du ei jamn blodsukkerkurve og får meir energi og overskot, seier Ingebrigtsen, og understrekar samstundes at ein ikkje døyr av ein hamburgar i ny og ne.

- Det viktigaste er ein rytme. Om du skeier litt ut i helgane spelar liten rolle. Det er det jamne kosthaldet som er avgjerande, seier han.

- Trening er anbefalt

Kva treninga gjeld er ikkje vegleiaren Ingebrigtsen i tvil om at dette er ein viktig faktor i vegen til eit sunnare, friskare og slankare liv.

- Du kan gjerne eta sunt og riktig, men det påverkar ikkje fasongen din i særleg grad. Har du form som ei bowlingkjegle og går ned ti kilo, vil du vanlegvis ha form som ei ti kilo lettare bowlingkjegle. Ein person som er ute etter ein finare fasong og eit betre sjølvblikk bør trena både styrke og kondisjon, seier han til nh.

Ingebrigtsen anbefalar to-tre treningsøkter i veka i sitt eige tempo, og etter kvart vil alle sjå resultat, sjølv om nokon må vera meir tålmodige enn andre. Han anbefalar folk å prøva seg på treningsstudio, men forsikrar at det går an å trena godt også på eiga hand.

----------------------------------------------------------------------------------------------

FAKTA:

Namn: Stig Ingebrigtsen

Alder: 28

Bustad: Knarvik. Flyttar til Tønsberg 25. januar

Jobb: Personleg trenar og treningsvegleiar. Byrjar som seljar av kosttilskot 25. januar

Aktuell: Har bygga kropp i ni år, og kan det meste om trening og riktig kosthald. Deltok i kroppsbyggar-NM i oktober, og fekk ein tolvteplass i debutmeisterskapen.