Gå til sidens hovedinnhold

Sjå stor bildeserie: 40-årsjubileum for vinterkarusellen til Eikanger IL

14. desember 2019, kl. 17:47

Laurdag ettermiddag vart det feira at det er 40 år sidan Eikanger IL arrangerte sin første vinterkarusell. Rundt 185 løparar samla seg for å springa rundt Eikanger, samt fleire støttespelarar kom for å sjå på og heie. Ordførar i nye Alver kommune, Sara Hamre Sekkingstad gav startskotet til jubileumsløpet i den litt over 2,1 km lange løypa. Løpet gjekk i bra ver og stemninga var god. Bjørn Jakob Bjørsvik, Geir André Bjørsvik og Stanley Hauge er faste arrangører av vinterkarusellen, og dei vart hylla for deira gode innsats i alle åra.