Austrheim klarer ikkje å stilla A-lag i årets sesong. Juniorane i klubben får i staden eit tilbod på Lindås.

– Det er ikkje noko kjekt, men det er realiteten. Vi har nok halde A-laget kunstig i live i eit par sesongar, seier fotballformann i Austrheim Idrettslag, Sjur Brandtun, til Nh.

LES OGSÅ: Storskåraren går til Sandviken

Austrheim hadde noko bra på gang saman med Lindås for nokre sesongar sidan, og samarbeidslaget rykka opp i 4. divisjon. Så byrja nedturen. Det enda med både nedrykk og oppløyst samarbeid mellom naboane.

Avhengig av gamle spelarar

Austrheim held fram i 5. divisjon, men rykka raskt ned til 6. divisjon. I fjor vart det endå eit nedrykk, og etter tabellplasseringa i fjor å rekna skulle laget eigentleg spelt i 7. divisjon i år. Klubben fekk likevel tilbod om å behalda plassen i 6. divisjon, men dette tilbodet har dei no måtte seia nei til. I år klarer dei nemleg ikkje å stilla seniorlag i det heile tatt.

– Vi har basert laget på gamle slitarar litt for lenge, og det kan vi ikkje gjera i år også. Gamlekara har gjort sitt for klubben og vel så det, men når vi ikkje har påfyll av litt yngre krefter, går det ikkje. Så det stemmer dessverre at vi har sett oss nøydd til å melda frå til kretsen at vi ikkje stiller lag i år, seier Brandtun til Nh.

Fotballformannen i Austrheim Idrettslag legg ikkje skjul på at han synest det er ei trist avgjerd, men han ser likevel ikkje heilt svart på situasjonen.

Samarbeid med Lindås

– Det spirer og gror i yngre rekkjer, mellom anna er G14-laget vårt veldig bra. Om nokre år trur eg vi kan få eit veldig bra juniorlag på Austrheim, seier han.

Per i dag har Austrheim ni G19-spelarar og tre &16-spelarar. Dette er i tynnaste laget til å utgjera ein a-lagstropp. Austrheim har difor på ny inngått eit samarbeid med Lindås, slik at gutane og juniorane får eit godt fotballtilbod her.

LES OGSÅ: Cup-oppsettet er klart

Brandtun understrekar at han isolert sett ikkje ser nokon stor dramatikk i at ikkje Austrheim stiller A-lag i år.

– Vi skulle gjerne vore dette forutan, men vi veit at det gror godt blant dei unge, vi veit at vi idrettslagsmessig er gode, og vi veit at vi bygger bra oppunder ungdomane. Difor har vi god tru på framtida, seier han til Nh.

Austrheim hamna i år nest sist i 6. divisjon menn, avdeling 2. Laget bestod då av ein blanding av ungt og gamalt, med innslag av halvgamle/unge spelarar. Laget vann berre fem av 18 kampar, og sleppte inn heile 92 mål, mot 47 skåra. Tapet mot Hordabø i siste seriekamp vart nådestøyten.

– Eg håpar vi har A-lag på plass igjen så kjapt som mogleg. Vi har aldri hatt så gode fasilitetar som vi har i dag, så forholda bør ligga til rette for det, seier Brandtun.

LES OGSÅ: Fekk ikkje til fotball-samarbeid i Nordhordhordland i år