Amin Askar og resten av troppen til Brann var onsdag i Austrheim og leika seg.

Mellom anna var dei ut i havgapet og herja i super-raske RIB-båtar.

Gjekk litt for fort

– Det var moro det, men eg syntest det gjekk litt fort opp og ned i periodar, seier han etter at Brann-troppen hadde vore ute i to RIB-ar og herja.

LES OGSÅ: Den frivillige ordføraren

Han seier at det er greitt å komma seg vekk frå Stadion i ny og ne.

– Det er greitt å bryta ut av kvardagen og møta «kids» som er glade for å sjå oss, seier han.

Han kallar det heile for ekstra team building.

– Og det treng me jo. Me har ikkje vore i form i den siste tida, og det kan berre hjelpa på ein positiv måte fram mot kampen på fredag, seier han.

Onsdag var det offisiell opning av Havsportveka, og som eit ekstra trekkplaster var Brann på plass. Dei opna dagen med ei trening på grasbana på Årås, før dei var ute i RIB og avslutta dagen med konkurransar mot Fyllingsdalen FK.

LES OGSÅ: Brann kjem til Havsportveka

Brann-trenar Rune Skarsfjord var og nøgd med dagen.

Skarsfjord: – Fin avveksling

– Me var heldige med vêret, då er det ei perle å komma ut hit, seier han.

– Kvifor er de her?

– Det vert ei avveksling for oss. Det er viktig å møtast i andre kontektstar enn garderoben og på trening. Så me har stor nytte av dette og det er bra for samholdet i gruppa, seier han og får støtte frå uventa hald.

– Det er greitt å komma seg vekk frå Stadion. Berre vera her og nyta dagen og vera med laget. Det er fint det, seier Bård Finne.

Han likte særleg godt å herja med båtane.

Finne likar fart

– Det er kjekt når det er litt fart. Eg likar det, seier han.

LES OGSÅ: Programmet til Havsportveka er klart

Men kampen mot Lillestrøm lurar i bakhovudet på han.

– Det er viktig at me er på på fredag og. Me har jo heile tida den kampen i bakhovudet og, sluttar han.

For Stéphane Badji var det fyrste gong han var ute i så raske båtar.

– Det har eg aldri gjort før. Det er fyrste gong eg er ute i ein slik båt og det er bra for gjengen å komma seg ut hit og leika seg, seier han.

Odd Arne Blindheim og Øystein Johannesen i Havsportveka er godt nøgde med opninga på årets arrangement.

– Vêret er flott, det er masse folk her og salet går godt, seier Johannessen.

Han reknar med at over 500 mennesker var innom Mastrevikane på onsdag.

– Folk har kosa seg, seier han.

LES OGSÅ: Padle-eldoradoet

– Det at det byrjar med bra vêr er viktig for oss. Etter to dagar med rolege familiarrangement, har me tvingt oss sjølv til å vera klare til i dag. Det gjer at me dreg i gang med låge skuldrar, seier Odd Arne Blindheim.

Påmeldinga til arrangementa er bra, seier Johannesen.

– Det er fleire ting som byrjar å fylla seg opp utover i veka. Men me har god kapasitet på mykje. Så det er ikkje slik at det byrjar å verta tom for ting å gjera på, lokkar han.

– Men ein del tidspunkt byrjar å verta fulle no, legg han til.

Les meir om Brann-spelarane sin Austrheim-tur i laurdagsavisa vår!