Gå til sidens hovedinnhold

700 sykla Nordhordland Rundt

Artikkelen er over 10 år gammel

Arrangøren svært tilfreds med gjennomføringa.

Med rundt 700 syklistar på startstreken kan arrangøren igjen notera ny deltakarrekord i Nordhordland Rundt.

Avgjorde i Skaret

Tre ryttarar stakk av frå eit 10 manns stort felt opp den bratte stigninga til Litleskare, ca sju kilometer frå mål. Andreas Hosøy avgjorde spurtduellen mot Øystein Blom OIsen og Ove Matland. Hosøy si vinnartid vart 2.12.37.

Vinnartida er ti sekund bak fjorårets løype løyperekord i det 90 km lange turrittet. Med litt mindre vind ville den temmeleg sikkert blitt slått.

Sterkt av Saltnes og Clementsen

På veg forbi butikken på Seim var feltet på ni ryttarar samla, men opp Skaret sleit tre ryttarar seg laus. Dei klarte å tilriva seg bortimot eitt minutts forsprang til forfølgjar-gruppa. Der sat Roald Saltnes og Gisle Clementsen, som kom inn til sterk 6.plass og 9.plass og vart dei beste lokale deltakarane i rittet.

Tetgruppe tidleg

Dei ni ryttarane sleit seg laus tidleg i løpet. Alt ved Haugstad på veg nordover sa dei takk og farvel til resten av gruppe 1.

- Avstanden vart aldri avskrekkande lang, men feltet som kom bak klarte ikkje å organisera seg godt til å makta ta opp kampen, fortel Oddvar Haukeland i Nordhordland Sykkelklubb. Han er imponert over vinnartida på bakgrunn av den sterke vinden.

Så kom regnet

Oddvar Haukeland er svært godt tilfreds med gjennomføringa av årets Nordhordland Rundt. Bortsett frå at vinden var i sterkaste laget, var forholda ideelle.

- I år hadde vi heldigvis marginane på vår side i forhold til nedbør. No har det begynt å regna, men det er det berre ei handfull syklistar igjen ute i løypa, oppsummerer Haukeland kvart over to i ettermiddag.

Braut kragebeinet

Det var ingen tendensar til massevelt i årets ritt. Det styggaste uhellet skjedde i ein av dei krappe svingane på veg ned frå Skaret nokre få kilometer før mål. Det andre uhellet skjedde ved Mongstad.

- I begge tilfelle ser det ut som kragebeinet er brote, og dei vart kjørt til legevakt i ambulanse. Truleg måtte begge til sjukehus, seier Haukeland, som fortel at det ikkje var kjøretøy involvert i nokon av uhella.

- Slike hendingar må vi rekna med kan skje i eit ritt med så mange på startstreken, seier han.