Forbetra kart til Pokémonjakta

Artikkelen er over 3 år gammel

Sidan kartet vart lansert er over 10.000 pokestops lagt til.

DEL

Skal du til ein anna del av Nordhordland, eller kanskje ein annan stad i landet og tenker å jakte litt Pokémon, så kan du no planleggja turen litt enklare. I dette kartet kan spelarar leggja til Pokéstops og gyms der dei vet dei eksisterar.

No er kartet oppdatert med fleire funksjonar:

- Punkt kan leggast til med "langt klikk" (på mobil) eller høgreklikk (desktop) i kartet.
- Brukarar kan bekrefte/feilrapportere punkt.
- Kartet kan åpnast i fullskjerm-modus.

LES OGSÅ: Fekk Pokemon Go-bot i Knarvik

No er riktignok spelet i seg sjøl eit eineste kart, og denne løysinga kan virke overflødig for nokon. Men det kan koma godt med om ein har kort tid og finn det hensiktsmessig å planleggja ruta litt i forkant.

LES OGSÅ: Pokèmon-jakt fekk folk til å ringa politiet

Stort miljø

Pokémon Go, for den som har latt fenomenet gå hus forbi, er eit spel der man fanger Pokémon med smarttelefonen. I Nordhordland er miljøet stort. Tellevik kystfort like ved Nordhordlansbrua er ein ynda stad for spelarane.

Artikkeltags