I samband med bygginga av den nye ovale rundkøyringa i Knarvik, vert delar av vegen forbi Knarvik senter stengd frå måndag 1. august.
I ei pressemelding opplyser Knarvik senter at vegen inn til parkeringshuset og -plassen ved NAV og politistasjonen vil vere open, men at det er sperra for å køyre opp til taket av parkeringshuset, og mot kyrkja, sjukeheimen og Nordhordlandshallen.
Dersom ein skal komme seg til desse plassane, må ein nytte vegen som går bak senteret.
Forsøker å ha open tilkomst til sjukeheimen
For fotgjengarar vil det vere mogleg å gå på fortau langs den stengde vegen, men også fortauet kan bli stengt i små periodar. Gjennomgang for fotgjengarar blir då gjennom parkeringshus eller trapper ved toalett.
Det vil bli forsøkt å halde tilkomsten gjennom Kvernhushaugane/Stallane forbi sjukeheimen open så mykje som mogleg, men her vil det óg bli stengt i periodar, opplyser Knarvik senter.

Vegarbeid og dårleg sommarvêr gjer det vanskeleg for etestaden
No byrjar rundkøyringa i Knarvik å ta form
