Sp vil flytte vegpengar frå Austlandet til Vestlandet
Leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, Jenny Følling (Sp), meiner for lite blir gjort for å sikre rasutsette vegar på Vestlandet.
Den tidlegare fylkesordføraren i Sogn og Fjordane har sett seg lei av det ho meiner er einurettferdig fordeling av vegmidlane i Norge.
– Vestlandet og andre distrikt må få ein større og meir rettferdig del av den totale kaka, seier Følling til NRK.
Følling siktar til den manglande rassikringa langs vegar på Vestlandet. I fjor la Statens vegvesen fram tal som viser at det vil koste 71 milliardar kroner å rassikre vegnettet i Norge.
Ho er kritisk til at det blant anna blir bygt ny E18 for 40 milliardar kroner og at jernbaneprosjektet Indre Intercity er prognosert til å koste 148 milliardar kroner.
Følling får støtte frå samferdselspolitisk talsperson i Senterpartiet, Siv Mossleth.
– Ein veldig stor del av dei totale midlane til samferdsel går til det sentrale Austlandet. Vi må sjå om vi får vridd meir pengar over til rassikring i distrikta, seier ho til NRK.
(©NTB)
Kommentarer til denne saken