«Set deg ned, slå av ein prat»

RAUD BENK: Midt i Knarvik senter har Røde Kors plassert ut ein raud omtankebenk.

RAUD BENK: Midt i Knarvik senter har Røde Kors plassert ut ein raud omtankebenk. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Røde Kors markerer 150-årsjubileum med omtankebenk i Knarvik senter.

DEL

Med beskjeden «Set deg ned, slå av ein prat» har Knarvik senter fått ein eigen benk som skal sosialisere dei som følar seg einsame.

– Røde Kors jobbar for å dekka dei udekte behova. Ein av tinga vi fokuserer på er einsemd. Vi veit at mange er einsame og det er eit stort problem i landet. Vi håpar desse benkane vert med å sette fokus på problemstillinga, seier Stig Krossøy Nordvik som er nestleiar i Røde Kors sitt lokallag i Nordhordland.

LES OGSÅ: MOT på Noregsturné for å inspirera: – Du treng berre éin ven

150 benkar

Torsdag sette Krossøy Nordvik og Trond Raymond Øren frå Røde Kors ut benken midt i Knarvik senter. Det er ein av 150 benker som vert plassert rundt om i landet.

Også Mastrevik torg fekk ein slik raud benk torsdag. Krossøy Nordvik seier Nordhordland Røde Kors har stort fokus på å overvinna einsemd.

– Vi jobbar mykje med besøksvenner for dei som er einsame i Nordhordland, men vi kan framleis gjere meir. Desse benkane utgjer stor symbolverdi i arbeidet med å sosialisera dei som følar seg einsame, seier Krossøy Nordvik.

Jubileum

– Røde Kors i Norge feirar 150 år i år og dette er ein del av den markeringa, seier Krossøy Nordvik.
Jubileet vert seinare markert med ein Norgesturné.

– 16. juni skal vi fylle opp sentertorget her i Knarvik senter. Vi skal sette opp to vegger og gjere plass til ein rekke stands med forskjellige aktivitetar. Då får ein blant anna læra om førstehjelp og ein kan finna mykje info om Røde Kors sitt arbeid, seier Krossøy Nordvik.

Invitasjon til prat

– Hensikta med benkane er at folk som vil sosialisera seg kan sette seg ned og visa andre at dei gjerne vil ha ein samtale, seier Krossøy Nordvik som oppmodar alle som har to minutt ekstra å setta seg ned.

– Vi i Røde Kors kjem i alle fall til å bruke ledig tid på benken.

For mange kan steget med å visa at ein er einsam vera tungt, men Krossøy Nordvik trur ikkje det vert eit problem.

– Eg håpar dei som vil hjelpa set seg ned og inviterer til ein samtale. Samtidig håpar vi dette vert ein gimmick over heile landet og at terskelen for å sette seg ned vert lav, seier Krossøy Nordvik.


 

Artikkeltags