Denne veka og den andre veka i august gjennomfører Utrykningspolitiet (UP) «Aksjon Europavei» kor dei rettar merksemda mot fart på hovudvegane. Det er ein del av UP sitt bidrag til det europeiske samarbeidet om trygge vegar, men gjennomførast også fordi sommarmånadane er høgtid for fartslovbrot.
– Det handlar mykje om trafikkforholda. Tørre og fine vegar inviterer til høg fart. Vi har også innslag av motorsyklar om sommaren som vi ikkje har om vinteren, som dessverre er involvert i ein del alvorlege ulykker, seier sjef i UP Runar Karlsen til NRK.
Ifølgje Statistisk sentralbyrå omkom ti personar på vegane i juni. Samtlege var menn.
I løpet av same periode vart nærmare 10.000 fartsbøter delt ut, medan over 600 bilførarar fekk inndratt førarkortet, ifølgje NRK.
Så langt i juli har det ikkje vore ei einaste dødsulykke på vegane, men UP-sjefen seier til NRK at han aldri har opplevd ein juli månad utan at nokon dør i trafikken.
– Det vil alltid vere ein god del politipatruljar på vegane gjennom heile sommaren, det kan eg garantere. Vi held fram med vår innsats, så får bilistane gjere sitt, seier Runar Karlsen til NRK.

Ny undersøking: 8 av 10 råkøyrer i 80-sona

UP kontrollerer ferietrafikken: – Det burde vere enkelt å følgje fartsgrensene

Trygg trafikk fryktar fjerning av fotoboksar: – Fleire kan bli drepne i trafikken