Wenche (54) er vekas vinnar av Stolpejakt-konkurransen

Vekas vinnarbilde er eit nydeleg bilde frå Krossane Nord.

Vekas vinnarbilde er eit nydeleg bilde frå Krossane Nord. Foto:

Eit flott bilde frå Krossane Nord sørga for at Wenche stakk av med sigeren denne veka.

DEL

– Dette var min siste stolpe i Alver. Ei magisk oppleving åleine på fjellet like før det blei mørkt, fortel Wenche Tyssøy Medaas.

Medaas er frå Knarvik og har jakta alle dei 51 stolpane i Alver.

– Eg har gått mest åleine, men også nokre turar med mannen min, Kjartan.

Ho fortel at ho blei hekta på stolpejakt allereie etter første stolpe.

– Eg måtte berre få unna alle 51 raskast mogeleg. Eg tok dei fleste i mai, for då var vêret heilt perfekt. Sol, svalande vind og tørre løyper.

– Kva er favoritt-turen din til no?

– Før Stolpejakten hadde eg Krossane og Gaustadfjellet som favorittar. No er Kolåsfjellet med på denne lista. Denne turen kan anbefalast både på grunn av utsikta, men også på grunn av vegen og stien som er godt halde ved like.

Medaas fortel at ho varmt kan anbefale Stolpejakten.

– Eg har vore på stiar som eg elles ikkje ville ha oppsøkt om det ikkje hadde vore for Stolpejakten. Det har vore fint å gå turløyper i nærmiljøet i andre bygder enn der eg sjølv bur.

Hugs at me trekkjer ny vinnar kvar søndag til og med 25. august. Last opp ditt beste Stolpejakt-bilde på Instagram med #avisanh og #stolpejaktenalver eller send det til oss på Facebook. Kanskje det er DU som vinn neste veke?

Artikkeltags