– Eg har lese avisa sidan eg var liten, og har stor tru på at vi kan lage ei avis som kan spela ei endå viktigare rolle i lokalsamfunnet, seier han.

37-åringen, som vaks opp i Knarvik, kjem frå stillinga som redaksjonssjef og politisk kommentator i NRK Vestland. 15. august tek han over rolla som redaktør og dagleg leiar i Avisa Nordhordland.

– Eg brenn for den lokale journalistikken og håpar både å utvikle meg sjølv og avisa, seier Rydland.

– Ønskjer å prege livet til folk

Rydland har jobba i NRK sidan 2005. Han er utdanna ved universitetet i Bergen, og har ei bachelorgrad i samanliknande politikk. Han har også vore praktikant ved NRK Nynorsk Mediesenter.

– Kva er det som gjer at du no går frå NRK til ei mindre lokalavis?

– Lokalavisa har ei viktig rolle når det gjeld å opplyse og engasjere folk. Eg ønskjer å vere med på å lage ei avis som kan prega livet og kvardagen til folk i Nordhordland, seier han.

Saman med resten av redaksjonen, ønskjer Rydland å løfte avisa til eit nytt nivå. Både digitalt, men også på papir.

– I tillegg til at vi skal bygga vidare på den solide jobben som allereie blir gjort, trur eg det er eit potensial i å styrke satsinga på avisa. Eg gler meg til å få vera med på dette prosjektet.

– Svært glad

Styreleiar i Avisa Nordhordland, Svein Atle Huus seier han er svært glad for at Rydland har takka ja til jobben.

– Med hans solide erfaring innan journalistikk og redaksjonell leiing, klare tankar om korleis han vil utvikle avisa vidare og hans store engasjement for Nordhordland som region, har eg stor tru på at han vil lykkast med å løfte Avisa Nordhordland vidare og ytterlegare styrke avisa sin posisjon i regionen, seier Huus.

Også noverande konstituert redaktør i avisa, Sirill Soltveit Heimdal er glad for å kunne gje stafettpinnen vidare til Rydland.

– Eg har trua på at han vil leie avisa og redaksjonen godt i tida som kjem. Eg gler meg til å lese all den gode journalistikken avisa kjem til å lage.