– Det er nok litt for låge skuldrer no, seier Erna Solberg til NRK.
Ho avslutta ferien torsdag og byrja med å møte pressa for å svare på spørsmål om koronasituasjonen.
Det var ein bekymra statsminister som møtte journalistane etter tur.
– Vi er bekymra. Vi har sett ein aukande trend, og vi ser denne trenden òg i land rundt oss. Fleire land i Europa blir raude. Det er nok litt for låge skuldrer og litt for mange som tenkjer at dette går bra, sa Solberg.
– Derfor har regjeringa i dag bestemt seg for å bremse litt opp for å sørgje for at vi ikkje må bråstoppe, seier ho.
Ho vil ikkje spesifisere kva tiltak som skal setjast inn, eller kva lettingar som no blir sett på vent, men viser til pressekonferansen som skal haldast fredag. Ifølgje Solberg jobbar Helsedepartementet intenst med dei siste detaljane fram mot konferansen.
Statsministeren understrekar likevel at regjeringa held fast ved den tidlegare prioriteringa si, nemleg liv og helse, barn og unge og å sikre arbeidsplassar.
Kommentarer til denne saken